Hopp til innhald

Einar Lunde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Einar Lunde

StatsborgarskapNoreg
Fødd13. mars 1943 (82 år)
Oslo
Yrkejournalist, nyhetsanker, Korrespondent
Språknorsk
Religionkristendom
FarSigurd Lunde
Einar Lunde på Commons

Einar Hallesby Lunde (fødd 13. mars 1943 i Oslo) er ein norsk kringkastingsmann.

Den kjende mediemannen og biskopen Sigurd Lunde (1916–2006) var far hans. Den kjende teologiprofessoren og indremisjonsleiaren Ole Hallesby (1879–1961) var morfaren hans.

Lunde studerte ved Concordia College i Moorhead i den amerikanske delstaten Minnesota og ved Universitetet i Oslo (UiO). Allereie i studietida ved Concordia hadde han eit eige musikkprogram på den lokale studentradioen.

Lunde byrja karrierene i NRK som sommarvikar i NRK Dagsrevyen i 1968, og var frå 1970 fast nyhendeanker same stad.

Over ein toårsperiode frå 1973 til 1975 hadde Lunde permisjon frå NRK og arbeidd som programmedarbeider i Evangeliets røst i Addis Abeba.

Frå 1982 til 1986 var Lunde Afrika-journalist for NRK, og var frå 1990 tilbake som nyhendeanker. Han leidde to TV-aksjonar i NRK, den eine i 1981 og den andre i 1986.

Den siste sendinga til Einar Lunde var måndag 27. september 2010. Då gjekk han av med pensjon etter 42 års teneste for NRK.

I 1986 vart Lunde tildelt Brobyggerprisen og i 2006 fekk han TV-prisen.

I pensjonisttilveret har Lunde reist mykje rundt i Noreg og leia konferansar og debattar. Han var sist i nyhendebiletet for å ha løyst ein hyttekonflikt mellom naboar på Grindholmen, ei øy i Sandefjord kommune. Han er no til knytt til seg kommunikasjons- og rådgjevingsselskapet First House som assosiert partnar.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]