Ewald Christian von Kleist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ewald Christian von Kleist

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 7. mars 1715
Cybulino, Koszalin County
Død

24. august 1759 (44 år)
Frankfurt an der Oder

Yrke lyrikar, skribent, diktarjurist
Ewald Christian von Kleist på Commons

Ewald Christian von Kleist (7. mars 171524. august 1759) var ein prøyssisk diktar og offiser. Saman med Friedrich Gottlieb Klopstock og Albrecht von Haller er han rekna som ein dei viktige elegiske lyrikarane innan tysk litteratur.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Kleist var fødd på familiegodset Zeblin ved Köslin i Pommern. Han tilhøyrde ein av dei fornemste uradelslektene i Preussen. Han gjekk på gymnasiet i Danzig og studerte ved Albertina-universitetet i Königsberg. I 1736 blei han dansk offiser, men i 1740 blei han kalla til Preussen av kong Fredrik den store og utnemnd til løytnant ved regimentet til prins Heinrich av Preussen.

Johann Wilhelm Ludwig Gleim, som på denne tida budde i Potsdam, vekte fyrst diktarånda hjå Kleist. Karl Wilhelm Ramler, som han blei kjent med i 1749, lærte han å lækja dei sjelelege såra sine. Ein ulykkeleg kjærleik til Wilhelmine von der Goltz prega tidleg diktinga hans.

Etter at han frå 1744 til 1745 hadde deltatt i den andre schlesiske krigen, blei han forfremma til stabsskaptein i 1749, og fekk to år seinare kommandoen over eit kompani. Etter ei reise til Sveits, og etter å ha vore alvorleg sjuk, hadde han i mai 1756 byrja på eit kuropphald i Freienwalde, då han fekk ordre om å venda tilbake til regimentet og reiste i felten. Allereie året etter blei han forfremma til major, og deretter til direktør for eit feltlasarett i Leipzig.

I Leipzig byrja han på det vesle eposet sitt Cissides und Paches. Han blei òg venn med Gotthold Ephraim Lessing, og denne oppfordra han til å skriva eit sørgespel. Kleist skreiv Seneca, men meinte sjølv utkastet var mislykka.

I mai 1758 følgde Kleist korpset til prins Heinrich, som dreiv riksarmeen tilbake til Hof. Trass fleire tilbakeslag kunne han ikkje bestemma seg for å søka avskjed. I slaget ved Kunersdorf den 12. august 1759 trengde han i spissen for bataljonen sin fram mot eit fiendtleg batteri. Han blei skadd i høgre hand, tok sverdet i venstre og storma vidare, før fiendtlege kuler trefte det høgre beinet hans. Avmektig blei Kleiste liggande på slagmarka heile natta. Han blei plyndra av kosakkane, og blei fyrst teken til Frankfurt an der Oder den 13. Her døydde han av såra sine 24. august 1759, og blei ærefullt gravlagd av den russiske garnisonen.

Dødsfallet inspirerte ein scene i Wallensteins Tod av Friedrich Schiller, gravferda til Max Piccolomini.[1] Ewald Christian von Kleist var òg forbilde for Tellheim i Minna von Barnhelm av Lessing.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Det reine sinnet til Kleist speglar seg i alle dei poetiske verka hans, tidleg i forteljingane Die Freundschaft og Arist og dessutan i idyllen Irin. Han skildrar naturen med friskt liv og begeistring. Ved sida av beskrivande dikt freista Kleist seg òg på fablar, idyllar og hymnar.

Hovudverket hans er diktet Der Frühling (1749), forfatta i heksameter. Diktet handlar om ein landleg gåtur der ein tek for seg livet på landet.[1]

Hans Sämtliche Werke blei gjevne ut av Ramler (Berlin 1760, 2 bd.), seinare av Wilhelm Körte (med biografi, Berlin 1803, 2 bd.; 5. oppl. 1853) og seinare med Briefen av August Sauer (Berlin 1884, 3 Tle.). Nokre av dikta hans blei omsett til norsk (dansk) i 1773 og gjevne ut under tittelen Poesier.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Vestli, Elin Nesje (22. januar 2023). «Ewald Christian von Kleist». Store norske leksikon (på norsk).