Exmoor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Exmoor
verneområde
Lyng på Dunkery Beacon, det høgaste punktet i nasjonalparken. Foto: Ed Somerset
Land  England
Regionar Somerset, Devon
Distrikt West Somerset, North Devon, Mid Devon
Byar Withypool
Høgaste punkt Dunkery Beacon
 - høgd 519 moh.
 - koordinatar 51°09′45″N 3°35′19″W / 51.16250°N 3.58861°W / 51.16250; -3.58861
Lågaste punkt Havnivå
Areal 692 km²
Geologi devon, karbon
Styre Exmoor National Park Authority
Kart
Exmoor
51°06′N 3°36′W / 51.1°N 3.6°W / 51.1; -3.6
Wikimedia Commons: Exmoor
Nettstad: http://www.exmoor-nationalpark.gov.uk/

Exmoor er ein nasjonalpark ved Bristolkanalen på kysten av Devon og Somerset i det sørvestlege England. Han dekker 692 km² med åsar og ope myrlandskap og 55 km kystlinje. Exmoor vart i 1954 den første nasjonalparken i Storbritannia, og fekk namn etter elva Exe. Fleire stader i parken har fått status som Site of Special Scientific Interest.

Parken var eit av undra i programserien Seven Natural Wonders. Han var med i to program: Det sørvestlege England og West Country.

Landskap[endre | endre wikiteksten]

Hei og myrlandskap dekker omkring ein fjerdedel av Exmoor. Nokre myrar er dekt av ulike typar gras og halvgras, medan andre er prega av lyng. Jorda er våt og sur, over ei blanding av bergartar som omfattar sandstein, skifer og kalkstein, det meste frå devontida.

Det høgaste punktet er Dunkery Beacon, 519 moh, og dette er òg det høgaste punktet i Somerset. The Chains og høgareliggande stader i nærleiken er kjelda for fleire elver som renn gjennom bratte, skogkledde dalar kjent som combes.

Det finst òg oppdyrka område, som Brendon Hills i den austlege delen av parken. Det er 84 km² skog, med ei blanding av eik, ask, hassel og bartre.

Kystlinja[endre | endre wikiteksten]

Kystlinja har nokre av dei høgaste klippene i England. Turvegen South West Coast Path, den lengste av dei nasjonale turvegane i England og Wales, går langs desse klippene. Den høgaste av dei, Great Hangman, når 244 moh. Dette dramatiske landskapet førte til at Exmoor i 1991 fekk status som ein Heritage Coast.

Det er små hamner i Lynmouth, Porlock Weir og Combe Martin. Dei var tidlegare viktige for handel langs kysten, men blir no mest brukt av fritidsbåtar og -fiskarar.

Elvar[endre | endre wikiteksten]

Det fell opptil 2000 mm regn i året i dei høgareliggande områda. Dette fører til at det renn ei rekkje elver gjennom Exmoor, som til saman har ei lengd på 483 km. Dei viktigaste elvene er Exe, Avill, Barle, Bray, Heddon, East Lyn, Horner og West Lyn.

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Sauar har beitt på heiane i meir enn 3000 år, og har gjort mykje for å forme landskapet. Blant tradisjonelle sauerasar finn ein Exmoor Horn, Cheviot, Whiteface Dartmoor og Greyface Dartmoor. Det er òg noko storfe, devon raudt fe, i området.

Exmoorponniar går fritt på heiane. Dei er det næraste ein kjem villhestar i Europa. Ponniane blir samla ein gong i året for å bli merkt og kontrollert.

Hjort finst òg på heiane, og i avsidesliggande område kan ein sjå dei i åssidene, spesielt tidleg på morgonen.

Myrlandskapet har òg fleire hundre fugle- og insektarter.

Beistet frå Exmoor skal ifølgje historier herje på heiane, og det er meldt om fleire observasjonar sidan 1960-åra. Ein teori er at det dreier seg om ein puma eller ein svart leopard som vart sloppe ut i 1960- eller 1970-åra etter at det vart ulovleg å halde slike dyr i fangenskap utanfor dyrehagar i England. Dyret blir sagt å ha drepe mange sauer i området. Det har aldri vorte bevist at eit slikt dyr finst i området, verken gjennom foto, spor, avføring eller på andre måtar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Exmoor