Eyvind Getz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eyvind Getz
Eyvind Getz OB.NW1863.jpg
Fødd 18. juni 1888
Død 29. august 1956
Parti Høgre

Eyvind Getz (18. juni 188828. august 1956) var ein norsk jurist og politikar frå Oslo, representerte HøgreStortinget i fleire periodar. Riksadvokat Bernhard Getz var far hans.

Getz tok eksamen ved Hallings skole i Kristiania i 1906, året etter vart han vernepliktig offiser. I 1911 vart han cand.jur. frå universitetet i hovudstaden, og arbeidde dei neste fire åra i Aftenposten. År 1915 vart han forfremja til til premierløytant. Deretter var han fullmektig i advokatfirmaet Blom, Koss & Nielsen fram til 1920, då han etablerte eiga advokatforretning i Oslo.

Getz var varamann til Stortinget 1922-24, møtte i staden for statsråd Odd S. Klingenberg frå 6. mars 1923, medlem i sosialkomiteen. I den neste stortingsperioden, 1925-27, hadde han fast plass på Tinget, med sete i justiskomiteen. Getz kom tilbake som stortingsrepresentant i 1934, fram til 1945 var han formann i administrasjonskomiteen.

Lokalpolitisk var Getz medlem av formannskapet i Oslo frå 1922 til 1934, varaordførar 1927-28 og ordførar 1932-34. Samstundes som han var ordførar var han også styreformann i Oslo Kinematografer. Han var formann i Oslo Høgre 1926-31 og nestformann i sentralstyret i Høgre frå 1937 til -45.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]