Odd S. Klingenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Odd S. Klingenberg
Odd Klingenberg 1930s.jpg
Odd S. Klingenberg på 1930-talet.
Foto: Peder O. Aune/Trondheim byarkiv
Fødd8. juni 1871
Trondheim
Død3. november 1944
Trondheim
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, advokat
FarSverre Olafssøn Klingenberg

Odd Sverressøn Klingenberg (8. juni 18713. november 1944) var ein norsk jurist og Høgre-politikar frå Trondheim. Han var både stortingsmann, statsråd og fylkesmann. Sverre Klingenberg var bror hans.

Klingenberg var son til ein sakførar og han vart sjølv cand. jur. i 1894. Same året slo han seg ned i fødebyen som overrettssakførar, høgsterettsadvokat 1902. Han var i mnage år ein sentral person i næringslivet i Trøndelag, deltok i grunnlegging av og sat i styret for mange bedrifter, mellom dei Thamshavnbanen.

Han var innvald på Stortinget 1906-09 frå Kalvskinnet krins, då han representerte Samlingspartiet, og 1919-24 frå Sør-Trøndelag for Høgre. I den fyrste perioden var han medlem av sosialkomiteen, sekretær i fossefallskomiteen av 1907 og den utvida budsjettkomiteen av 1909. Han var i den mellomste perioden, 1919-21, medlem av justiskomiteen og i den siste, 1922-24, formann i sosialkomiteen, når han ikkje hadde sete i regjeringa. Sekretær i fullmaktskomiteen 1919-20. Frå 1910 var han medlem av den kongeleg kommisjonen om revisjon av matrikkelen.

Klingenberg var statsråd i Sosialdepartementet i både Otto Bahr Halvorsens fyrste regjering 1920-21, Otto Bahr Halvorsens andre regjering og Abraham Berges regjering 1923-24. Klingenberg var tiltala ved Riksretten 1926-27, han vart frifunnen den 25. mars 1927.

Klingenberg var fylkesmann i Sør-Trøndelag frå 1921 til 1940.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]