FA-cupfinalen i fotball 1968

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

FA-cupturneringa i fotball 1968 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 18. mai 1968. 100 000 tilskodarar såg West Bromwich Albion sine 12 utvalde spelarar vinne klubbens femte FA-pokal etter siger 1-0 mot Everton FC frå Liverpool. West Bromwichs forrige triumf i FA-cupen kom i 1954.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Etter 90 mållause minuttar avgjorde senterløparen Jeff Astle finalen til West Bromwich sin fordel då han i det 93. minutt, etter ein retur frå ein Everton-forsvarar, frå 15-16 meter lyfta ballen i høgt i målburet.

West Bromwich stilte med: John Osborne, Doug Fraser, John Talbut, John Kaye, Graham Williams (kaptein), Graham Lovett, Ian Collard, Clive Clark, Tony Brown, Jeff Astle, Bobby Hope. Innbytaren Dennis Clarke erstatta John Kaye.

Everton mønstra: Gordon West, Tommy Wright, Ramon Wilson, Howard Kendall, Brian Labone (kaptein), Colin Harvey, Jimmy Husband, Alan Ball, Joe Royle, John Hurst, Johnny Morrissey.

Dommaren heitte Leo Callaghan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]