Ramon Wilson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ramon Wilson
Champions statue.jpg
Fødd 17. desember 1934
Shirebrook
Død

15. mai 2018
Huddersfield

Yrke fotballspelar, fotballtrenar, funeral director, forretningsdrivande
Ramon Wilson på Commons

Ramon Wilson (17. desember 193415. mai 2018), kjend som Ray Wilson, var ein britisk-engelsk fotballspelar fødd i Shirebrook i Derbyshire. Han var venstreback på England sitt landslag som vann VM i fotball 1966 på heimebane. Wilson spelte 63 landskampar for England i tida 1960-68.

Wilson debuterte på Hudersfield Town i 1955. I 1964 vart han overført til Everton FC, der han 14. mai 1966 var med då klubben slo Sheffield Wednesday 3-2 i finalen i FA-cupenWembley stadion i London. Vel to månader seinare opplevde han på same arenaen høgdepunktet i karrieren då England sigra med 4-2 over Vest-Tyskland i VM-finalen 1966. Sommaren 1969 fekk Wilson kontrakt med Oldham Athletic. Han spelte sin siste ligakamp 7. november 1970 for Bradford City i 3. divisjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]