Alan Ball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alan Ball
Alan Ball (cropped).jpg
Fødd 12. mai 1945
Farnworth
Død

25. april 2007
Warsash

James Alan Ball (12. mai 194525. april 2007) var ein britisk-engelsk fotballspelar, fødd i Farnworth i Lancashire, som vart verdsmeister med England under fotball-VM 1966.

Midtbanespelaren Ball spelte for Blackpool FC frå 1962 til -66. Straks etter fotball-VM 1966 vart han overført til Everton FC og vart seriemeister med klubben i 1970. I desember 1971 vart han overført til London-laget Arsenal for rekordhøge 220 000 pund. Sommaren 1976 gjekk turen til Southampton FC, ein klubb spelte for til 1983, med fleire avbrot til spel i Nord-Amerika.

Ball fekk sin landslagsdebut borte mot Jugoslavia i mai 1965. Løpssterke Ball deltok i fyrste rekke då England i 1966 vann fotball-VM på eigen grunn, han var pasningsleggjar då Geoff Hurst gav England leiinga 3-2 under VM-finalen på Wembley stadion i London. Han var også med i fotball-VM 1970 i Mexico. Fram til 1975 spelte Ball 72 landskampar og skåra åtte mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]