Jeff Astle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jeff Astle

Jeff Astle Gates.jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 13. mai 1942
Eastwood i Nottinghamshire
Død

19. januar 2002 (59 år)
Burton upon Trent

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1970

Jeffrey Astle (13. mai 194219. januar 2002) var ein engelsk fotballspelar frå Eastwood i Nottinghamshire. Han var i ti år senterløpar på West Bromwich Albion.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Astle skreiv i 1959 kontrakt med fjerdedivisjonslaget Notts County. I 1964 vart han overført til West Bromwich mot 25000 pund. Han skåra kampens einaste mål då WBA vann FA-cupfinalen 1968 mot Everton FC. I 1969/70 -sesongen vart han toppskårar i fyrstedivisjon med 25 mål. Fram til 1974 skåra han 137 ligamål for West Bromwich på 292 kampar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

I 1969-70 spelte Astle i fem av Englands landskampar, innbytar i fire av dei. Han deltok i Fotball-VM 1970.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vnnar av ligacupen: 1966
  • Vinnar av FA-cupen: 1968

Astle døydde knapt 60 år gammal, mykje truleg som ei langtids-fylgje av tallause headingar som fotballspelar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]