FA-cupfinalen i fotball 1978

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

FA-cupturneringa i fotball 1978 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 6. mai 1978. 100 000 tilskodarar såg Ipswich Town sine 12 utvalde spelarar vinne klubbens aller fyrste FA-pokal etter siger 1-0 mot London-laget Arsenal FC.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Midtbanespelaren Roger Osborne vart matchvinnar for Ipswich då han i det 77. minutt skaut ein returball frå Arsenal-forsvaret forbi Pat Jennings i Arsenal-målburet.

Ipswich sitt historiske vinnarlag bestod: Paul Cooper, George Burley, Allan Hunter, Kevin Beattie, Mick Mills (kaptein), Roger Osborne, Brian Talbot, John Wark, Paul Mariner, David Geddis, Clive Woods, og innbytaren Mick Lambert som fekk Osborne sin plass straks etter han skåra sigersmålet.

Arsenal sitt lag bestod av: Pat Jennings, Pat Rice (kaptein), Sammy Nelson, David Price, David O'Leary, Willie Young, Liam Brady, Alan Sunderland, Malcolm Macdonald, Frank Stapleton og Alan Hudson. Graham Rix kom inn for Liam Brady i det 65. minutt.

Domaren heitte Derek Nippard

Kjelder[endre | endre wikiteksten]