Mick Mills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mick Mills

Mick Mills (1978).jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 4. januar 1949 (72 år)
Godalming
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1982, EM i fotball 1980

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

Michael Dennis Mills, kjend som Mick Mills, (fødd 4. januar 1949) er ein engelsk tidlegare fotballspelar, fødd i Godalming, som vann FA-cupen 1978 og UEFA-cupen 1981 med Ipswich Town.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Mills spelte på Ipswich Town frå 1966 til 1982, som lagkaptein frå 1971. I siste halvdelen av 1970-åra hevda klubben seg i toppen av engelsk fotball. Etter tredjeplass i ligaen 1977 vann Ipswich den engelske cupfinalen 1978 med 1–0 over Arsenal FC. På dagen tre år etter FA-triumfen på Wembley stadion i London, slo Ipswich nederlandske AZ Alkmaar med 3–0 på heimebane i det fyrste av to finaleoppgjer i UEFA-cupen 1981. Returoppgjeret vann AZ 4–2, dermed kunne Mills heve ein ny pokal for Ipswich. Etter 741 kampar på Ipswich Town vart han i november 1982 overført til Southampton FC. Hans aktive tid som spelar enda 1985-87 i Stoke City, eit lag han samstundes var sjef for.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Mills spelte 42 landskampar for England i tida frå oktober 1972 til juni 1982. Han deltok i europameisterskapen 1980, ei turnering der det engelske laget vart slått ut i gruppespelet. Under verdsmeisterskapen 1982 var han kaptein for England, laget kom ikkje vidare frå mellomspelet og Mills sin landslagskarriere var over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]