Paul Mariner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul Mariner

Paul Mariner 2010.jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 22. mai 1953
Farnworth
Død

9. juli 2021 (68 år)

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1982, EM i fotball 1980

Paul Mariner (22. mai 19539. juli 2021) var ein engelsk fotballspelar frå Farnworth i Lancashire. Han hadde perioden 1976-84 suksess med Ipswich Town. Mariner var midtspiss og landslagsmann i åtte år.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Mariner fekk kontrakt med tredjedivisjons-laget Plymouth Argyle i 1973, ligadebuterte den 11. september. Etter 155 kampar og 61 mål vart han i slutten av oktober 1976, mot 220&nsbp;000 pund, overført til Ipswich Town. Våren 1978 vann Ipswich og Mariner FA-cupen og tre år seinare UEFA-cupen. I det dobbelt-finalen mot AZ Alkmaar skåra han eitt av måla som gav Ipswich-siger 5-4. Klubben hevda seg fleire sesongar i toppsjiktet i ligaen. Frå februar 1984 til sommaren 1986 var han Arsenal-spelar utan større suksess. Deretter gjorde han teneste to sesongar i Portsmouth FC.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

I tida frå debuten 30. mars 1977 til han spelte sin siste landskamp 1. mai 1985 i Bucuresti, deltok Mariner i 35 av England sin internasjonale kampar. Under Fotball-EM 1980 var han innbytar i to kampar. Han skåra det siste målet då England slo Noreg 4-0 på Wembley stadion 10. september 1980. I returoppgjeret i VM-kvalifiseringa på Ullevål stadion 9. september 1981 var han også med, England tapte då 1–2 mot Noreg. Mariner spelte alle fem England-kampane i Fotball-VM 1982. Han skåra i alt 13 landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av FA-cupen: 1978 med Ipswich
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1981 med Ipswich

Mariner døydde av hjernekreft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]