FA-cupfinalen i fotball 1994

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane, med Manchester United i raudt

FA-cupfinalen i fotball 1994 fann stad på Wembley stadion i London 14. mai 1994, med 79 634 tilskodarar på tribunane. Manchester United vann pokalen etter å ha slått Chelsea FC med 4-0.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Etter ein mållaus fyrste omgang, der Chelsea var det beste laget, tok Manchester United leiinga i det 60. minutt. Éric Cantona skåra då på eit straffespark. Allereie seks minuttar seinare la same karen på til 2-0, også det på ei straffe. Før nye tre minuttar var runne auka Mark Hughes til 3-0. I sluttsekundane fastsette innbytar Brian McClair resultatet til 4-0.

Manchester United stilte med: Peter Schmeichel, Paul Parker, Steve Bruce (kaptein), Gary Pallister, Denis Irwin, Andrej Kantsjelskis, Paul Ince, Roy Keane, Ryan Giggs, Mark Hughes og Éric Cantona. Ei åtte minuttar før slutt kom Lee Sharpe og Brian McClair på bana, ut gjekk Irwin og Kantsjelskis.

Dommaren heitte David Elleray.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]