Hopp til innhald

Forsvarets forskingsinstitutt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forsvarets forskingsinstitutt


Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.970963340
Skipa1946
MorselskapForsvarsdepartementet i Noreg
HovudkontorKjeller[1]
LandNoreg[2]
Adm.dir.Kenneth Ruud
Nettstadhttps://www.ffi.no
Logoen til FFI

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) er ein statleg forskingsinstitusjon underlagd Forsvarsdepartementet med ansvar for forsking og utvikling for behova til Forsvaret og forstå sårbarheita og utfordringane samfunnet står eller kan stå overfor.[3] FFI er eit tverrfagleg institutt, og har melom anna tilsette med fagbakgrunn innan matematikk, fysikk, informasjonsteknologi, kjemi, biologi, medisin, psykologi, statsvitskap, sosialantropologi, historie og økonomi.

FFI sitt hovudkontor ligg på Kjeller ved Lillestrøm, omtrent 25 km utanfor Oslo. Instituttet har også ei forskingseining på Karljohansvern i Horten.

FFI har røter i Forsvarets Overkommandos Tekniske Utvalg (FOTU) i London, som i 1944 føreslo at det skulle etablerast eit eige militært forskingsinstitutt underlagt Forsvarsdepartementet.

Direktørar ved Forsvarets forskingsinstitutt

[endre | endre wikiteksten]
  1. https://www.linkedin.com/company/ffi/about/.
  2. Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 5601, Wikidata Q7061260 
  3. «FFI er forsvarssektorens egen forskningsinstitusjon», Norsk (på norsk), henta 24. november 2022 
  4. «Instituttledelsen» (på bokmål). ffi.no. Arkivert frå originalen 28. september 2020. 
  5. «Instituttledelsen», Norsk (på norsk), henta 24. november 2022 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]