Fagerborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fagerborg kyrkje
Foto: Hans-Petter Fjeld

Fagerborg er eit sokn og bustadstrok i Oslo, og femnar om området mellom Stensparken og Majorstua. Namnet skriv seg frå ei løkke som låg i Fagerborggata 52. Denne løkka vart skild ut frå garden Nedre Blindern i 1837. Før det var han ein del av Bymarka. Seinare vart hovudbygningen på løkka (frå 1870-talet) nytta som barneheim. Under andre verdskrigen vart bygget nytta som skule, før det vart rive i 1957.

I området er det ei blanding av villaar og småhus frå tidbolken 1880-1920, rekkjehus frå 1920-åra, ein del leigegardar frå 1880-1890-åra og nyare bustadblokkar. I vest vert området dominert av Jessenløkka, eit bustadområde frå åra 1919-1922 i området Suhms gate – Kirkeveien (ring 2) – Gørbitz’ gate – Jacob Aalls gate, med i alt 37 leigegardar, bygde i nordisk nybarokk.

Fagerborg har ein vidaregåande skule og ei kyrkje. Fagerborg kyrkje vart bygd i 1903 i det eine hjørnet av Stensparken.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]