Stensparken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°55′40.184″N 10°43′47.903″E / 59.92782889°N 10.72997306°E / 59.92782889; 10.72997306

Stensparken og Fagerborg kyrkje
Foto: Helge Høifødt
Utsyn frå Blåsen i Stensparken mot aust, med parken St. Hanshaugen midt på biletet.
Foto: Helge Høifødt
Blåsen, med parkutvalet på synfaring, i 1939.
Foto: Ukjend fotograf / Oslo byarkiv
.
Pissoaret «Kjærlighetskarusellen» i Stensparken attmed Sporveisgata
Foto: Helge Høifødt

Stensparken er ein park på ein 500 meter langstrekt kalksteinsrygg med ei markert høgde i kvar ende på Fagerborg i bydel St. Hanshaugen i Oslo. Namnet Stensparken fekk parken i 1891 etter garden Steinn (seinare Sten) som låg nord for den noverande parken, og i mellomalderen hadde vore klostergods under Nonneseter kloster i dåverande Oslo, no Gamlebyen i Oslo. I 1629 vart garden lagt ut som bymark for Christiania, og Stensparken er ein rest av denne bymarka.

Den nordlege parten, kalla Blåsen, er teke vare på som ein naturleg fjellknaus med utsyn over byen. I 1880-åra vart det sett opp eit trigonometrisk punkt (fastpunkt for landmåling og kartlegging) her, og ein granittblokk markerer dette punktet. Resten av høgda vart opparbeidd som park i tida frå 1890-talet til 1940-talet. Til saman er parken på 48 dekar. Inne i berget under parken ligg eit tilfluktsrom med plass til 2000 personar, og med inngangar frå Norabakken i gata Pilestredet og frå Thereses gate. I sørenden av parken ligg Fagerborg kyrkje, som vart vigsla i 1903. Ein skulptur av forfattaren Sigrid Undset som Kjersti Wexelsen Goksøyr har forma, er sett opp i parken og avduka i 1991.

I sørenden av parken, i nærleiken av gata Pilestredet, ligg den andre høgda i Stensparken, kalla Korpehaugen (altså ramnehaugen). Her låg frå 1825 til 1868 avfallsplassen for byen, dit mellom anna innhaldet frå utedoane, kadaver og anna som har drege til seg ramn og kråke, vart frakta opp frå byen om natta av nattmannen og hans folk. Nattmannen hadde huset sitt om lag der Fagerborg kyrkje ligg no, og det vart rive i 1871. Tidlegare hadde denne nattmannshaugen eller rakkarhaugen, som ein slik avfallsplass på haug og knaus vart kalla, lege lengre nede i Pilestredet, som opphavleg hadde namnet Natmandsveien eller Rakkarstrædet på grunn av den transporten som gjekk føre seg oppover her.

I det sørvestre partiet av parken, nede ved Sporveisgata, vart det i 1937 bygd eit pissoar i funksjonalistisk stil, som i si tid fungerte som sjekkestad for homofile menn. Dette luftige vesle huset vart freda under kulturminneåret i 2009 under namnet Pissoaret i Stensparken, og er det einaste som er att i Oslo av slike små pissoarbygningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Stensparken
  • Stensparken i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren