Fahlerts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fahlerts (av tysk Fahlerz, frå fahl, som tyder bleik) er namn på ei gruppe ertsmineral som krystalliserer kubisk og inneheld kopar, noko jarn og eventuelt sølv, og dessutan svovel, antimon og arsen. Fargen er grå til svart. Dei er viktige koparertsar på einskilde førekomstar i Mellom-Europa og USA. Òg sølvinnhaldet kan ha økonomisk tyding. Dei mest utbreidde er tetraedritt (antimonfahlerts), Cu12Sb4S13, tennantitt (arsenfahlerts), Cu12As4S13 og freibergitt, (Ag,Cu)12(Sb,As)4S13.

Fahlertsmineral opptrer sparsamt i Noreg. Mest kjent er ein førekomst av tetraedritt i SvenningdalenHelgeland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]