Fanny Blankers-Koen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fanny Blankers-Koen
Fanny Blankers-Koen 1949b.jpg
Fanny Blankers-Koen i 1949
Fødd 26. april 1918
Baarn
Død

25. januar 2004
Hoofddorp

Fanny Blankers-Koen på Commons
Statue av Blankers-Koen i Rotterdam

Fanny Blankers-Koen, fødd Francina Elsje Koen, (26. april 191825. januar 2004) var ein nederlandsk friidrettsutøvar som vann fire gullmedaljar under Sommar-OL 1948 i London, i tillegg til fem EM-gull; to i Oslo 1946 og tre i Brussel 1950.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Fanny Koen var frå landsbyen Lage Vursche i Utrecht-provinsen. Ho deltok i Sommar-OL 1936 i Berlin, der ho oppnådde to femteplassar; i høgdehopp og 4 x 100 meter stafett. To år seinare tok ho bronsemedaljane på både 100 m og 200 m då EM i friidrett 1938 fann stad i Wien. Under andre verdskrigen, i 1943, sette ho verdsrekord i høgdehopp med 1,71 m, og i lengdehopp med 6,25 m.

Fanny Blankers-Koen si store tid som friidrettsutøvar tok til med to EM-titlar i friidretts-EM 1946 i Oslo. Ho vann 80 m hekk og sprang Nederland inn til klar siger på stafetten.

Under Sommar-OL 1948 var Blankers-Koen den store forgrunnsfiguren. I løpet av dagane 2.-7 august vann ho samtlege fire øvingar ho stilte i. Både på 100 meter og 200 meter var ho i ei klasse for seg, medan ho så vidt slo britiske Maureen Gardner på 80 m hekk. Til sist spurta ho forbi Australias og Canadas løparar på 4 x 100 m stafett og sikra gull til Nederland og lagvenninnene Xenia Stad-de Jong, Nettie Witziers-Timmer og Gerda van der Kade-Koudijs.

To år seinare var Blankers-Koen svært nær ved å kopiere prestasjonen frå London-OL då EM i friidrett 1950 vart avvikla i Brussel. Ho vann dei same tre individuelle øvingane 100 m, 200 m og 80 m hekk. I stafettløpet sprang ho atter sisteetappen og tok nesten att Storbritannias June Foulds, både Storbritannia og Nederland fekk sluttida, men dei britiske kvinnene vart kåra som vinnarar.

I sitt siste store meisterskap, Sommar-OL 1952 i Helsinki, vart Blankers-Koen nummer seks og sist då ho braut finaleløpet på 80 meter hekk, medan ho vart slått ut i kvartfinalane på 200 meter.

Fanny Blankers-Koen sette til saman 21 verdsrekordar i seks ulike øvingar; 100 m, 220 yards, 80 m hekk, høgdehopp, lengdehopp og femkamp. Ho slutta som aktiv i 1955.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]