Farah Khan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Farah Khan
4ps-008-farah-khans.JPG
Fødd9. januar 1965
FødestadMumbai
Aktive år2004-
Verka somfilmregissør, skodespelar, programleiar, koreograf, manusforfattar, skribent, filmprodusent
MorMenaka Khan
EktefelleShirish Kunder

Farah Khan (fødd 9. januar 1965), gift Farah Khan Kunder, er ein indisk regissør, produsent, skodespelar og koreograf.

Khan har koreografert danserutinar for over hundre songar i over 80 hindifilmar, og har vunne seks Filmfare-prisar for beste koreografi og ein indisk nasjonal filmpris for beste koreografi. Ho har også arbeidd med fleire internasjonale prosjekt, som Marigold: An Adventure in India, Monsoon Wedding, Bombay Dreams og dei kinesiske filmane Perhaps Love og Kung Fu Yoga, sistnemnde med Jackie Chan, som gav henne nominanasjonar til Tony-prisen og Gullhest-prisen. Etterkvart har Khan også regissert og opptredd i eigne filmar, og blei nominert til Filmfare-prisen for beste regissør for debutfilmen Main Hoon Na frå 2004. I tillegg til koreografi i indiske filmar og andre Bollywood-prosjekt har ho òg gjort dansearbeid med artistane Shakira og Kylie Minogue.

Bakgrunn og familie[endre | endre wikiteksten]

Farah Khan blei fødd 9. januar 1965. Far hennar, Kamran Khan, var ein stuntman som hadde byrja laga filmar. Mora, Menaka Irani, var syster til dei tidlegare barneskodespelarane Honey Irani og Daisy Irani.[1] Farah er dermed syskenbarn av filmpersonlegdommane Farhan Akhtar og Zoya Akhtar, som er barna til Honey Irani. Ho har ein bror, Sajid Khan, som er komikar, skodespelar og regissør. Mor hennar var berre 19 då Khan blei fødd, og ho blei i stor grad oppdregen av bestemor si. Far hennar var muslim, medan mora tilhøyrde det indiske parsisamfunnet (også kjend som irani).[2]

Foreldra skilde lag då ho var lita. Far hennar Kamran Khan hadde først hatt suksess som filmskapar, og hadde til dømes gjeve svigersystera si Honey Irani ein leilegheit å bu i leigefritt då ho gifta seg med den fattige diktaren Javed Akhtar. Etter fleire filmar floppa tapte han mykje pengar, og ekteskapet med Menaka byrja bryta saman på same tid. Farah Khan såg derfor lite til far sin då ho voks opp, og flytta med bror sin mellom ulike heimar.[3]

Farah Khan gifta seg med Shirish Kunder, filmklipparen for debutfilmen hennar Main Hoon Na,[4] den 9. desember 2004. Han klippa også den neste filmen hennar, Om Shanti Om. Medan ho laga denne filmen fekk Khan prøverøyrsbehandling og blei gravid med trillingar. Ho fødde ein gut og to jenter i 2008.

Paret har sidan samarbeidd på filmane til kvarandre, til dømes på Jaan-E-Mann og Tees Maar Khan. Dei skipa eit produksjonsselskap, Three's Company, med namn til ære for trillingane sine.[5]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Deepika Padukone, Shahrukh Khan, Farah Khan og Abhishek Bachchan frå Happy New Year i 2014.

Medan Farah Khan studerte sosiologi ved St. Xavier's College i Mumbai blei Michael Jackson sin musikkvideo til «Thriller» sloppen. Khan blei så inspirert av denne at ho byrja med dans, sjølv om ho ikkje hadde tidlegare erfaring. Ho skipa ei dansegruppe og skapte seg eit ry. Då koreografen Saroj Khan forlét filmen Jo Jeeta Wohi Sikandar, fekk Khan høve til å teppa inn og fekk eit gjennombrot.[3]

På settet til Kabhi Haan Kabhi Naa møtte ho den kjende skodespelaren Shah Rukh Khan og byrja eit vennskap og langvarig samarbeid.

Farah Khan sitt arbeid i Monsoon Wedding, Bombay Dreams og Vanity Fair blei nominert Tony-prisen for beste koreografi, i høve Bombay Dreams saman med Anthony van Laast.

Regissør[endre | endre wikiteksten]

Khan regisserte sin første film, Main Hoon Na, med Shah Rukh Khan i ei hovudrolle og produsert av filmselskapet hans Red Chillies Entertainment.

Khan blei den andre kvinna til å bli nominert til Filmfare-prisen for beste regissør i 2005 (etter Mira Nair i 1990).

Den andre filmen hennar, Om Shanti Om med Shah Rukh Khan og debutanten Deepika Padukone i hovudrollene, kom ut i 2007. Han blei den høgast inntenande Bollywood-filmen til då,[6] og den høgast inntenande i 2007.[7]

Tees Mar Khan frå 2010 var den neste filmen ho regisserte og også produserte.

Khan kunngjorde planar om å regissera filmen Happy New Year i 2005.[8] Etter mange forseinkingar og endringar i skodespelarar[9][10][11][12][13][14][15][16][17][18][19] kom filmen endeleg ut i 2014.

Koreografi[endre | endre wikiteksten]

Farah Khan og Boman Irani opptrer i New Jersey under SLAM! The Tour i 2014.

Farah Khan trente popstjerna Shakira til å framføra ein Bollywood-versjonen av songen «Hips Don't Lie» til MTV Video Music Awards i 2006.[20] Khan skapte også koreografi for Kylie Minogue til songen «Chiggy Wiggy» i filmen Blue frå 2009.

I 2012 koreograferte ho «Ishq Wala Love» og «Radha» for Student Of The Year. I 2013 koreograferte ho «Jumping Jhapak». Ho koreograferte avsluttingsdansen i Kung Fu Yoga, med Jackie Chan i hovudrolla, i Bollywood-stil.[21]

Skodespel og fjernsynsarbeid[endre | endre wikiteksten]

I 2012 debuterte Khan som filmskodespelar med ei hovudrolle i Shirin Farhad Ki Toh Nikal Padi, ein romantisk komedie frå parsimiljøet regissert av Bela Bhansali Sehgal.

Khan var programleiar for kjendis-talkshowet Tere Mere Beach Mein, og var dommar i Indian Idol, Jo Jeeta Wohi Super Star, Entertainment Ke Liye Kuch Bhi Karega og Dance India Dance Li'l Masters. Ho var også dommar i danse-realityshowet Just Dance alongside Hrithik Roshan and Vaibhavi Merchant on Star Plus.

I 2015 blei Khan programleiar for realityprogrammet Bigg Boss Halla Bol, ein spin-off av den Big Brother-liknande Bigg Boss sesong 8, etter Salman Khan.[22]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Produsent[endre | endre wikiteksten]

Regissør[endre | endre wikiteksten]

  • 2004 Main Hoon Na
  • 2007 Om Shanti Om
  • 2010 Tees Maar Khan
  • 2014 Happy New Year

Manusforfattar[endre | endre wikiteksten]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Skodespelar Regissør Produsent Manusforfattar Rolle
1998 Kuch Kuch Hota Hai Yes check.svgY
2003 Kal Ho Na Ho Yes check.svgY
2004 Main Hoon Na Yes check.svgY Yes check.svgY Yes check.svgY Seg sjølv
Nominert til Filmfare-prisen for beste regissør
2007 Om Shanti Om Yes check.svgY Yes check.svgY Yes check.svgY
2010 Jaane Kahan Se Aayi Hai Yes check.svgY Seg sjølv
2010 Tees Maar Khan Yes check.svgY Yes check.svgY
2010 Khichdi: The Movie Yes check.svgY Seg sjølv (cameo)
2012 Joker Yes check.svgY Yes check.svgY Seg sjølv
2016 Devi Yes check.svgY Seg sjølv
Hyppige samarbeidspartnarar
Skodespelarar Main Hoon Na
(2004)
Om Shanti Om
(2007)
Tees Maar Khan
(2010)
Happy New Year
(2014)
Bindu Yes check.svgY Yes check.svgY
Boman Irani Yes check.svgY Yes check.svgY
Shah Rukh Khan Yes check.svgY Yes check.svgY Yes check.svgY
Kirron Kher Yes check.svgY Yes check.svgY
Akshay Kumar Yes check.svgY (cameo) Yes check.svgY
Deepika Padukone Yes check.svgY Yes check.svgY
Satish Shah Yes check.svgY Yes check.svgY
Murali Sharma Yes check.svgY Yes check.svgY

Koreografi[endre | endre wikiteksten]

År Film Merknad
1992 Jo Jeeta Wohi Sikandar
Angaar
1993 Kabhi Haan Kabhi Naa
Waqt Hamara Hai
Pehla Nasha
Chandra Mukhi
1942: A Love Story
1994 Aatish: Feel the Fire
1995 Zamaana Deewana
Oh Darling! Yeh Hai India
Aazmayish
Takkar
Sisindri
Hum Dono
Barsaat
Dilwale Dulhania Le Jayenge
Ram Shastra
1996 English Babu Desi Mem
1997 Virasat Filmfare-pris for beste koreografi for songen «Dhol Bajne Laga»
Border
Iruvar
Yeshwant
Dil To Pagal Hai
1998 Keemat: They Are Back
Duplicate
Jab Pyaar Kisise Hota Hai
Angaaray
Dil Se.. Filmfare-pris for beste koreografi for songen «Chaiyya Chaiyya»
Kuch Kuch Hota Hai
Jhooth Bole Kauwa Kaate
Minsara Kanavu
1999 Sirf Tum
Laawaris
Silsila Hai Pyar Ka
Sarfarosh
Hote Hote Pyar Ho Gaya
Baadshah
Mast
2000 Alaipayuthey Tamilsk film
Mela
Kaho Naa... Pyaar Hai Filmfare-pris for beste koreografi for songen «Ek Pal Ka Jeena»
Phir Bhi Dil Hai Hindustani
Pukar
Hum To Mohabbat Karega
Josh
Har Dil Jo Pyar Karega
Fiza
2001 Dil Chahta Hai Filmfare-pris for beste koreografi for songen «Woh Ladki Hai Kahan»
Monsoon Wedding
Asoka
Kabhi Khushi Kabhie Gham...
One 2 Ka 4
2002 Hum Tumhare Hain Sanam
Maine Dil Tujhko Diya
Shakti : The Power
Kya Yehi Pyaar Hai
Tumko Na Bhool Paayenge
Yeh Dil Aashiqanaa
Koi Mere Dil Se Poochhe
Santosham
Bombay Dreams Nominert til Tony-prisen for beste koreografi
2003 Confidence
Armaan
Supari
Koi... Mil Gaya Filmfareprisen for beste koreografi for songen «Idhar Chala Main Udhar Chala»
National Film Award for beste koreografi
Wonderland
Kal Ho Naa Ho
Chalte Chalte
2004 Main Hoon Na
Mujhse Shaadi Karogi
Vanity Fair
2005 Kaal
Paheli
Perhaps Love Gullhesten for beste action-koreografi
Bluffmaster
Maine Pyaar Kyun Kiya
2006 Krrish
Yun Hota Toh Kya Hota
Kabhi Alvida Naa Kehna
Baabul
Jaan-E-Mann: Let's Fall in Love... Again
Don - The Chase Begins Again
Zindaggi Rocks
Heyy Babyy
2007 Marigold: An Adventure in India
Om Shanti Om
My Name Is Anthony Gonsalves
Welcome
2008 Dostana
2009 Billu
Main Aur Mrs Khanna
Blue
2010 My Name Is Khan
Dabangg Songen «Munni Badnaam Hui»
Tees Maar Khan Filmfare-pris for best koreografi for songen «Sheila Ki Jawani»
2011 Delhi Belly Songen «Jaa Chudail»
2012 Housefull 2 Songen «Anarkali Disco Chali»
Nanban Tamilsk film; songen «Irukaanaa»
Student of the Year Songane «Ishq Wala Love» og «Radha»
Dabangg 2 Songen «Fevicol Se»
2013 Yeh Jawaani Hai Deewani Songen «Ghagra»
Chennai Express Songen «Titli»
Himmatwala (2013)
2014 Happy New Year
2015 Dilwale Songen «Gerua»
2017 Kung Fu Yoga [23]
2018 Dhadak Songen «Zingaat»
Veere Di Wedding
2019 Housefull 4
Student of the Year 2 «The Hook Up Song»

Fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

År Program Kanal Merknad
2004 Indian Idol 1 Sony TV Meddommar med Anu Malik og Sonu Nigam
2005–2006 Indian Idol 2 Sony TV Meddommar med Anu Malik og Sonu Nigam
2006 Jhalak Dikhhla Jaa 1 Sony TV Meddommar med Shilpa Shetty og Sanjay Leela Bhansali
2008 Jo Jeeta Wohi Super Star 1 Star Plus Meddommar med Vishal-Shekhar
2008 Nach Baliye 4 Star Plus Meddommar med Karisma Kapoor og Arjun Rampal
2009 Entertainment Ke Liye Kuch Bhi Karega Sony TV Meddommar med Anu Malik
2009 Entertainment Ke Liye Sub Kuch Karega Sony TV Meddommar med Anu Malik
2010 Dance India Dance Li'l Masters 1 Zee TV Meddommar med Sandip Soparrkar
2010 Entertainment Ke Liye Kuch Bhi Karega 3 Sony TV Meddommar med Anu Malik
2011 Entertainment Ke Liye Kuch Bhi Karega 4 Sony TV Meddommar med Anu Malik
2011 Just Dance Star Plus Meddommar med Hrithik Roshan og Vaibhavi Merchant
2012 Dance Ke Superkids Zee TV Meddommar med Geeta Kapoor og Marzi Pestonji
2012 India's Got Talent (Season 4) Colors Meddommar med Karan Johar og Kirron Kher
2013 Nach Baliye: Shriman v/s Shrimati Star Plus Meddommar med Terence Lewis og Shilpa Shetty
2013 Dance India Dance Supermoms Zee TV Meddommar med Terence Lewis og Marzi Pestonji
2013, 2014 Comedy Nights med Kapil Colors Seg sjølv
2014 Entertainment Ke Liye Kuch Bhi Karega 5 Sony TV Meddommar med Anu Malik
2015 Bigg Boss Halla Bol Colors TV Programleiar med Salman Khan
2015 Farah Ki Dawat Colors TV Host
2015 Nach Baliye 7 Star Plus Meddommar med Preity Zinta og Chetan Bhagat (1 episode)
2016 Comedy Nights Bachao Colors Seg sjølv
2016 - 17 Indian Idol 7 Sony TV Meddommar med Anu Malik, Sonu Nigam

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sajid Khan | Directors | Koimoi». koimoi.com. 28. april 2016. Henta 30. april 2016. 
  2. Thomas, Anjali (7. oktober 2007). «Farah Khan latest chant is 'Mom Shanti MOM'». DNA. 
  3. 3,0 3,1 «Tête à tête». The Telegraph (Kolkata). 7. oktober 2007. Henta 5. mai 2010. 
  4. Kulkarni, Ronjita (12. august 2004). «Meet the man Farah Khan will marry». Rediff.com. Henta 17. november 2008. 
  5. Mariam Thomas, Sonia (26. oktober 2015). «Women Of Worth 2015 Grit And Glory». www.outlookbusiness.com. 
  6. Ben Fenton (26 June 2008). «Om Shanti Om rakes in $45m worldwide». Financial Times. Henta 17. november 2008. [daud lenkje]
  7. «Top India Nett Grossers 2007». boxofficeindia.com. 
  8. «Farah Khan makes Deepika happy». Sify Movies. Henta 11. februar 2013. 
  9. «'Happy New Year' went on floors in 2014 Khan». The Hindu (Chennai, India). 12 May 2009. Arkivert frå originalen 16 June 2009. Henta 11 February 2013. 
  10. «Farah Khan gives Fictitious dance group a break in Happy New Year». Business of Cinema. Henta 11 February 2013. 
  11. «Shah Rukh dampens Farah’s ‘Happy New Year’ plans!». Zee News. Henta 11 February 2013. 
  12. «Shah Rukh Khan and Farah Khan come together for 'Happy New Year'». The Indian Express. Henta 11 February 2013. 
  13. «SRK wants to work with Priyanka in Farah Khan's film Happy New Year». India Today. Henta 11. februar 2013. 
  14. «Shah Rukh Khan busy for Farah Khan till 2013». The Times of India. Henta 11. februar 2013. 
  15. «Anushka is not pairing with Shahrukh for Farah». India Glitz. Henta 11. februar 2013. 
  16. «Shah Rukh Khan miffed with ‘Happy New Year’ report!». Zee News. Henta 11. februar 2013. 
  17. «Katrina, Sonakshi or newcomer for Happy New Year?». Henta 14. februar 2013. 
  18. «Farah Khan lays out parameters for 'Happy New Year' heroine». Henta 14. februar 2013. 
  19. «John joins Shah Rukh for Farah's next film». The Times of India. 26. juni 2012. 
  20. Jha, Subhash K. (1. september 2006). «Farah Khan bonds big time with Shakira». bollywood hungama. Henta 17. november 2008. 
  21. «Farah Khan to choreograph song in Jackie Chan's 'Kung Fu Yoga'». The Times of India. 28. januar 2017. 
  22. «Bigg Boss 8: Farah Khan talks about Salman Khan and Halla Bol | The Times of India». The Times of India. Henta 13. mars 2018. 
  23. «Farah Khan to choreograph song in Jackie Chan's 'Kung Fu Yoga'». The Times of India. 28. januar 2017.