Salman Khan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Salman Khan
Salman Khan filmfare.jpg
Fødd27. desember 1965
FødestadIndore
Fødenamnعبد الرشید سلیم سلمان خان
Aktive år1988–
Verka somfilmskodespelar, filmprodusent, programleiar, songar
MorSushila Charak Khan
FarSalim Khan
PrisarFilmfare Award for Best Supporting Actor

Abdul Rashid Salim Salman Khan (fødd 27. desember 1965), best kjend som Salman Khan, er ein indisk skodespelar, produsent og programleia. Han har opptredd i over 80 Bollywood-filmar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Khan vart fødd i Indore i Madhya Pradesh i India som den eldste sonen til manusforfattaren Salim Khan og den første kona hans Sushila Charak (som seinare tok namnet Salma Khan). På farssida stamma han frå alakozai-pasjtunar[1][2][3][4] frå Swatdalen i noverande Pakistan[5] som slo seg ned i Indore på midten av 1800-talet. Mora til Khan er av marathiopphav,[6] og far hennar, Baldev Singh Charak,[7] var ein dogra-rajput[8] frå Jammu-Kashmir.[7][9] Mora er frå Maharashtra.[10][11] Han har to brør, Arbaaz Khan og Sohail Khan, og to systrer, Alvira Khan Agnihotri, som er gift med skodespelaren og regissøren Atul Agnihotri, og adoptivsystera Arpita.[12]

Khan starta filmkarrieren sin med ei birolle i Biwi Ho To Aisi (1988). I 1989 fekk han gjennombrotet sitt gjennom hovudrolla i Maine Pyaar Kiya, som vart ein stor suksess både i India og verda over.[13][14] For filmen blei han nominert til ein Filmfare-pris som beste mannlege skodespelar og beste mannlege nykomar.[15]

Khan har ikkje berre verka som skodespelar, men òg som programleiar. Han har leia program som Dus Ka Dum (ein indisk versjon av Power of 10) og Bigg Boss (ein indisk versjon av Big Brother).

Salman Khan har òg sunge ein del songar i ulike Bollywood-filmar, som Hello Brother (1999), Chal Meir Bhai (2000), Hello (2008).

Nokre songar han har sunge er:

År Film Tittel
1999 Hello Brother Chandi Ki Daal Paar
2000 Chaal Meir Bhai Chaal Meir Bhai
2008 Hello Bang Bang Bang
2010 PrEM Ka Game Khan Kaa Game

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • Beste nykomar for Maine Pyaar Kiya (1989)
  • Beste skodespelar for Dabangg (2010)

Programleiar[endre | endre wikiteksten]

  • Dus Ka Dum (Sesong 1 og 2)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Swarup, Shubhangi (29. januar 2011). «The Kingdom of Khan». OPEN. Henta 17. juli 2014. Salim Khan, scriptwriter and father of Salman Khan, remembers the Afghan tribe his family historically belongs to. "It is Alakozai," he says. "My family came to Indore 150 years ago, and worked as [part of the] cavalry in the time of the British." Khan is a fifth-generation Khan in India. 
  2. «Khans in Bollywood: Afghan traces their Pathan roots». Deccan Herald. 17. mai 2011. Henta 17. juli 2014. 
  3. «Afghan traces Bolly Khans' Pathan roots». Mid Day. 18. mai 2011. Henta 11. desember 2011. 
  4. Kakaron, Javed Hamim (25. desember 2011). «Khans in Bollywood book published». Pajhwok Afghan News. Henta 26. februar 2012. 
  5. Jasim Khan, Being Salman, Penguin UK (2015), chapter 3
  6. «Salman celebrates Marathi magic – The Times of India». 
  7. 7,0 7,1 «Salman Khan: We would love to premiere a film in Kashmir, if theatres are re-opened». The Indian Express. 18. mai 2015. Henta 14. mai 2019. Salman also disclosed that his family has a Kashmir connection. 'My maternal grandfather Baldev Singh Charak was from Jammu,' he said. 
  8. "Salman Khan to take break from Tiger Zinda Hai shoot for Ganesh festival?", Deccan Chronicle. Henta 2. november 2018.
  9. «Salman Khan: We would love to premiere a film in Kashmir, if theatres are re-opened». 18 May 2015. 
  10. Salman Khan grandfather is from Afghanistan ......... «Salman Khan: "My grandfather from Afghanistan... My grandfather from my mother's side comes from Jammu Kashmir..."» 
  11. «Salman celebrates Marathi magic – The Times of India». The Times of India. 
  12. «Meet 'Prem' aka Salman Khan's family on his 50th birthday». 27. desember 2015. 
  13. «Birthday Special: The Rise AND Rise Of Salman Khan». Sukanya Verma. Rediff. Henta 27 December 2012. 
  14. «The Biggest Blockbusters Ever in Hindi Cinema». Box Office India. Arkivert frå originalen 18 September 2010. Henta 25 September 2010. 
  15. «Did Salman Khan Won The Best Debut Filmfare Award 1989». Henta 24 March 2014 – via YouTube.