Farga støy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Farga støy er tilfeldig støy som har frekvensavhengig energitettleik. Dette er i motsetnad til kvit støy, som har eit flatt energispektrum.

Med energitettleik meiner ein energien innanfor ei gjeven bandbreidde. For å standardisere energitettleiken er 1 Hz valt som refererande bandbreidde. Energitettleiken av støyen har såleis eining W/Hz. Innan elektronikk er det ofte amplitudespektret til ei støyspenning som vert målt og oppgjeve i datablad. Eininga er då V/ (volt per kvadratrota av Hz).

Ulike typar farga støy[endre | endre wikiteksten]

  • Rosa støy eller 1/f-støy har eit energispektrum som avtek med 3 dB per oktav. Dette tilsvarar ei halvering av energitettleiken per oktav. Rosa støy vert mellom anna nytta som testsignal innan elektroakustikk. Det har til dømes vore nytta som eksitasjonssignal for måling av romakustikk og høgtalarar. Grunnen til dette er at diskantelementa på høgtalarar ikkje toler så stor effekt. Ved å nytta rosa støy kan ein auka effekten i lågfrekvensområdet utan å øydelegga diskantane.
  • Raud støy har eit energispektrum som fell med 3 dB/okt. Raud støy avtek med andre ord dobbelt så snøgt som ros støy når frekvensen aukar. Brun støy er identisk med raud støy. 'Brun' viser eigenleg ikkje til ein farge, men er ei nemning oppkalla etter den engelske botanikaren Robert Brown, som kom fram til at energispektret til brownsk rørsle avtek med 6 dB per oktav.
  • Blå støy har eit energispektrum som aukar med 3 dB per oktav.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]