Hopp til innhald

Farris

Koordinatar: 59°09′59″N 09°52′36″E / 59.16639°N 9.87667°E / 59.16639; 9.87667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Farrisvannet)
Farris
innsjø
Land  Noreg
Fylke Vestfold, Telemark
Kommunar Larvik, Porsgrunn, Siljan
Høgd over havet 20-23 moh.
Lengd 20,5 km
Areal 21,14 km²
Største djupn 131 m
Kystlengd1 107,07 km
Koordinatar 59°09′59″N 09°52′36″E / 59.16639°N 9.87667°E / 59.16639; 9.87667
Kart
Farris
59°09′59″N 9°52′36″E / 59.166388888889°N 9.8766666666667°E / 59.166388888889; 9.8766666666667
Wikimedia Commons: Farris
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Farris, òg kalla Farrisvatnet, er ein innsjø i Vestfold og Telemark, hovudsakleg i Larvik kommune. Vestfold Interkommunale Vannverk leverer drikkevatn frå Farris og frå Eikeren. Sjøane er drikkevasskjelde for nær 170 000 menneske, hovudsakleg i Vestfold fylke. Innsjøen er 20,5 km lang. Farris er òg inntaksdam for Fritzøe kraftverk.

Mineralvatnet vert tappa frå ei grunnvasskjelde nedanfor Bøkeskogen, og har sitt opphav i regnvatn som vert filtrert gjennom morenemateriale.

Farrisvannet er geologisk ei fortsetjing av Larviksfjorden. Det store raet dannar eidet på tvers av den lange fjordstrukturen, og demmer opp Farrisvannet på innsida.

Farriselva er den einaste elva som renn ut frå Farris. Elva har ei lengd på om lag 900 meter før ho renn ut i havet i Larvik. Elva har med fossefallet sitt vore ei viktig kraftkjelde for Larvik sin industri sidan 1500-talet. Dei siste åra har elva hatt særs lita vassføring sidan drikkevassuttaket er så stort.

Farris er òg namnet på det eldste kommersielt produserte mineralvatnet i Noreg, også dette frå Larvik. Mineralvatnet vert tappa frå ei grunnvasskjelde nedanfor Bøkeskogen, og har opphavet sitt i regnvatn som vert filtrert gjennom morenemateriale. Under filtreringsprosessen får vatnet tilført ulike salt og mineral.

Ei vanleg mistyding er at mineralvatnet vert tappa direkte frå innsjøen Farris, men dette er altså ikkje korrekt.