Federico García Lorca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Statue av Lorca i Santoña i Cantabria.
Foto: Pere Joan Barceló

Federico García Lorca (5. juni 189819. august 1936) var ein vidgjeten spansk forfattar, særleg kjend for teaterstykka sine. Han var fødd i Fuente Vaqueros, i Granada i Spania, og vart drepen av nasjonalistane i byrjinga på den spanske borgarkrigen.

Oppvekst og karriere[endre | endre wikiteksten]

Federico García Lorca vart fødd inn i ein mindre landeigarfamilie i landsbyen Fuente Vaqueras i provinsen Granada. I 1909 flytta familien til byen Granada i Andalusia, der Federico med tida vart involvert det lokale kunstnarmiljøet. Hans fyrste prosasamling, Impresiones y paisajes vart utgjeve i 1918 og fekk gode kritikkar, men lite sal.

I 1919 flytta han til den namngjetne Residencia de estudiantes i Madrid. På universitet vart han kjend med mellom anna Luis Buñuel og Salvador Dalí, og mange andre som var eller kom til å verte viktige kunstnarar i Spania. Han møtte Gregorio Martínez Sierra, direktør for teatret Teatro Eslava, som fekk han til å skrive og setje opp sitt fyrste skodespel, El maleficio de la mariposa i 1919-20, eit versestykke om eit umogleg kjærleiksforhold mellom ei fivreld og ein kakerlakk. Stykket vart ledd av scenen av publikum etter fire framsyningar. Publikum si reaksjon gjorde Lorca lite glad i teaterpublikum heile livet. I seinare tid hevda García Lorca at Mariana Pineda (1927) var hans fyrste teaterstykke.

I løpet av dei neste åra vart García Lorca stadig meir involvert i kunst og i spansk avant-garde. Han gav ut tre diktsamlingar, mellom anna Canciones (Songar) og Romerancero Gitano (1928), hans mest kjende diktsamling. Mariana Pineda, hans andre skodespel, sett opp av Dalí, vart ein stor suksess då det opna for fyrste gong i Barcelona i 1927

Mot slutten av 1920-talet var Lorca mykje plaga av depresjonar, forverra av uro over større og større vanskar med å skjule si homoseksuelle legning frå vener og familie. Suksessen til Romerancero Gitano gjorde det stadig vanskelegare for han, av di han var tvungen til å leve to liv, eit som namngjeten forfattar, og eit i djup depresjon og kval, eit liv han berre kunne anerkjenne i det private.

Den vaksande avstanden mellom García Lorca og hans næraste vener nådde eit høgdepunkt då Dalí og Buñuel samarbeidde om filmen Un chien andalou (Ein andalusisk hund), som Garciá Lorca tolka, moglegvis feilaktig, som eit sterkt åtak på han. Forholdet og affæren med Dalí vart brått slutt, òg grunna at Dalí møtte kvinna som skulle verte kona hans. På same tid braut det intense forholdet hans til skulptøren Emilio Aladrén saman då sistnemnte óg møtte si framtidige kone. Familien hans vart klåre over problema (om enn kanskje ikkje årsaka) og sendte han på eit lengre opphald i USA i 1929-30

García Lorca sitt opphald i USA, då særskilt i New York by, kor han studerte eit stutt bel ved Columbia University School of General Studies, var fyrste røynsle som vaksen med eit demokrati, om enn eit dominert av kommerse ideal og undertrykking av minoritetsgrupper. Denne røynsla bringa fram somme av hans dristigaste verk. Diktsamlinga Poeta en Nueva York utforskar framandgjeringa og isolasjonen han opplevde gjenom høgst eksperimentelle poesiformar, og dei to skodespela Así que pasen cinco años og El público var forut for si tid. El público vart ikkje gjeve ut før seint på 1970-talet, og har aldri vorte gjeve ut i fullstendig form.

García Lorca kom attende til Spania i 1930, samstundes som fallet på diktatoren Primo de Rivera og gjenopprettinga av Den spanske republikken. I 1931 vart García Lorca utnemnd som direktør for eit studentteater, Teatro Universitario la Barrace. Teatret var finansiert av utdanningsdepartementet, og hadde i oppgåve å reise omkring i avsidesliggjande delar av den spanske landsbygda og syne moderne tolkingar av klassiske spanske stykke. I tillegg til å vere direktør var García Lorca skodespelar. I denne perioden skreiv García Lorca sine best kjende skodespel, Bodas de sangre]' (Blodbryllup), Yerma og La case de Bernarda Alba (Bernarda Alba sitt hus). Han formaliserte sine teoriar om kunstnerisk skaparevne og framsyning i eit namngjete foredrag, som han fyrst framførte i Buenos Aires og Havana i 1933. I foredraget hevdar han at stor kunst avheng av eit nært forhold til dauden, sterke band til ein nasjon og kulturen til nasjonen, og innsikt i og aksept av vettet sine avgrensingar. La Barraca var det fyrste teaterkompaniet som framsynte García Lorca sine tre store skodespel. Den statlege støtten til truppen vart halvert i 1934, og siste framsyninga deira var i april 1936.

Ved utbrotet av Den spanske borgarkrigen drog García Lorca frå Madrid og attåt Granada, til tross for at han var klår over at han truleg drog i dauden i eit Granada med omdøme for å vere styrt av eit ovende konservativt oligarki, det mest konservative i Andalucía. García Lorca og svogeren hans, som var sosialist og borgarmester i Granada, vart snart arresterte. García Lorca vart avretta ved skot av Falange-militsen 19. august 1936 og lagt i ei umerka grav ein plass mellom Víznar og Alfacar, nær Granada. Det herskar stor diskusjon kring motivene (somme meiner at avrettinga hadde personlege motiv, snarare enn politiske) og detaljane kring dauda hans. Porteføljen som General Franco fekk makla har enno ikkje vorte funnen.

Statue av Lorca i Madrid.
Foto: Lourdes Cardenal

Francoregimet forbaud alle hans verk inntil 1953. Det året vart eit tungt revidert Obras completas gjeve ut. Samlinga var ikkje komplett, og inneheldt ikkje Sonnettar om mørk kjærleik, skrivne i november 1935 og framførde berre for nære vener. Desse var tapte fram til 1983-4, då dei vart utgjevne. Berre etter at Franco døydde i 1975 kunne García Lorca sitt liv og verk diskuterast opent i Spania.

I dag står ein statue av García Lorca på Plaza de Santa Ana i Madrid. Den politiske filosofen David Crocker har hevda at «statuen, i minsto, er framleis et symbol på den omdiskuterte fortida: kvar dag knyter ei venstreorientert eit raudt tørkle kring halsen på statuen, og ein høgreorientert kjem seinare og tek det av.»[1]

Hovudverk[endre | endre wikiteksten]

Poesi[endre | endre wikiteksten]

  • Impresiones y paisajes ('Inntrykk og landskap', 1918)
  • Libro de poemas ('Bok om dikt', 1921)
  • Canciones ('Songar', 1927)
  • Primer romancero gitano ('Sigøynarballadar', 1928)
  • Poema del cante jondo ('Dikt til djupe songar', 1931)
  • Primeras canciones ('Fyrste songar', 1936)
  • Poeta en Nueva York ('Ein diktar i New York', utgjeve 1940)

Teater[endre | endre wikiteksten]

  • El maleficio de la mariposa ('Sommarfuglen sin vonde magi': skrive 1919-20, fyrste oppsetting 1920)
  • Mariana Pineda (skrive 1923-25, fyrste oppsetting 1927)
  • La zapatera prodigiosa ('Skomakaren si flotte kone': skrive 1926-30, fyrste oppsetting 1930, revidert 1933)
  • Amor de Don Perlimpín con Belisa en su jardín ('Don Perlimpín sin kjærleik til Belisa i hagen': skrive 1928, fyrste oppsetting 1933)
  • Bodas de sangre ('Blodbryllaup': skrive 1932, fyrste oppsetting 1933)
  • Yerma (skriven 1934, fyrste oppsetting 1934)
  • Doña Rosita la soltera (' Peparmøya Doña Rosita': skrive 1935, fyrste oppsetting 1935)
  • Retablillo de Don Cristóba] ('Dukkespelet til Don Cristóbal': skriven 1931, fyrste oppsetting 1935)
  • Los títeres de Cachiporra (skrive 1928, fyrste oppsetting 1937)
  • Así que pasen cinco años ('Når fem år er gått': skrive 1931, fyrste oppsetting 1945)
  • La casa de Bernarda Alba ('Huset til Bernarda Alba': skriven 1936, fyrste oppsetting 1945)
  • El público («Ålmugen»: skriven 1930-1936, fyrste oppsetting 1972)
  • Comedia sin título ('Stykke utan tittel': skrive 1936, fyrste oppsetting 1986)

Morospel[endre | endre wikiteksten]

  • El paseo de Buster Keaton ('Buster Keaton går ein tur', 1928)
  • La doncella, el marinero y el estudiante ('Jenta, sjømannen og studenten', 1928)
  • Quimera ('Draum', 1928)

Filmmanus[endre | endre wikiteksten]

  • Viaje a la luna (Reisa til månen, 1929)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Democratic Development and Reckoning with the Past: The Case of Spain in Comparative Context Carolyn Boyd, David A. Crocker, Elizabeth A. Cole. June 25, 2003

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Federico García Lorca