Fedralandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fedralandet, mest kjend under fyrstelina Gud, signe vårt dyre fedreland, er ein salme skriven av Elias Blix.

Elias Blix skreiv eit utkast til salmen i Lillehammer vinteren 1890, og han gjorde han ferdig på Fjellhaug i Aker sommaren etter. Han vart prenta same året i bladet Nordmannen.

Til vanleg vert det første og dei to siste versa sunge, ofte òg det andre eller tredje.

Vers to, fire og fem inneheld ei stutt framstilling av Noregs kulturelle og religiøse soge.[1] Det sjette verset har ein referanse til salme 127,1 i Bibelen.[2] Det er sagt at under andre verdskrigen vart det siste verset ikkje sunge. Salmen har fått posisjon som Noregs nasjonalhymne.

Salmen kom inn i Landstads kirkesalmebog gjennom Blix-tillegget Nokre Salmar, der han fekk nr 770. Han står i Norsk salmebok på nr 739.

Melodireferansen til salmen var «Den signede Dag, som vi nu ser», ein melodi skriven av C. E. F. Weyse.

1.

Gud signe vaart dyre Fedraland
Og lat det som Hagen bløma!
Lat lysa din Fred fraa Fjell til Strand
Og Vetter fyr Vaarsol røma!
Lat Folket som Brøder saman bu,
Som Kristne det kann seg søma!

2.

Vaart Heimland i Myrker lenge laag,
Og Vankunna Ljoset gjøymde.
Men Gud, du i Naade til oss saag,
Din Kjærleik oss ikkje gløymde:
Du sende ditt Ord til Norigs Fjell,
Og Ljos yver Landet strøymde.

3.

Og Norig det ligg vel langt i Nord,
Og Vetteren varer lenge;
Men Ljoset og Livet i ditt Ord
Det ingen kann setja Stenge.
Um Fjellet er høgt og Dalen trong,
Ditt Ord heve daa sitt Gjenge.

4.

So blømde vaart Land i Ljos og Fred,
Det grødde so grønt i Lider,
Men atter seig Natt paa Landet ned
Med Trældom og tunge Tider.
Og Folket det sukkad etter Ljos,
Og du lyste upp umsider.

5.

Og Morgonen rann, og Myrkret kvarv,
Som lenge vaar Lukka skygde,
Du atter oss gav vaar Fridoms Arv
Og honom i Trengsla trygde.
Du vernad vaart Folk og gav oss Fred,
Og Landet med Log me bygde.

6.

Vil Gud ikkje vera Bygningsmann,
Me faafengt paa Huset byggja.
Vil Gud ikkje verja By og Land,
Kann Vaktmann oss ikkje tryggja.
So vakta oss, Gud, so me kann bu
I Heimen med Fred og Hyggja!

7.

No er det i Norig atter Dag
Med Vaarsol og Song i Skogen.
Um Sædet enn gror paa ymist Lag,
Det brydder daa etter Plogen.
So signe daa Gud det gode Saad,

Til Groren ein Gong er mogen!

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]