Feitetysdag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fastelavn

Faste

Feitetysdag eller feittysdag er tysdag føre oskeonsdag, og den siste dagen før fasta tek til. Som namnet seier, fell han alltid på ein tysdag. Dette er ikkje ein dag frå den kriste liturgien, men ein folkeleg festdag i oppkøyringa til den kristne fastetida. Det har vore tradisjon for å eta mykje feit mat på feitetysdagen for å vera best mogleg budd på fasteperioden, og for å tøma skapa for ingrediensar ein ikkje treng i fasta. Matskikkane har halde seg godt mange stader, endå det no er få som fastar etterpå.

Tidspunkt[endre | endre wikiteksten]

Datoen for feitetysdag varierer frå 3. februar til 9. mars ut frå når påska er. Feitetysdag fell på 13. februar i 2024, og på 4. mars i 2025.

Ulike namn og skikkar[endre | endre wikiteksten]

Fastelavensbolle

Feittysdagen er kjend under fleire namn. Eit av desse er sjumålsdagen fordi ein helst skulle eta sju måltid.[1] Det vart brukt ein stav, sjumålsstaven, for å halda teljinga på måltida. Dagens siste måltid var gjerne eit stort smørbrød.[2]

Eit anna namn er kvitetysdag fordi det ein åt, gjerne var kvitt, som egg, mjølk eller mjøl. Fastelavnsbollen er endå eit teikn på dette.[3]

I Hardanger vart dagen kalla grauttysdag fordi ein åt rømmegraut. Fata vart jamleg oppfylte, og det vart sagt at skeia aldri måtte bli tørr.[4]

I mange land er feitetysdagen kjend som mardi gras (fransk for ‘feitetysdag’) og er den siste dagen i karnevalet. Den mest kjende feitetysdagsfeiringa er karnevalet i Rio de Janeiro.

I engelsktalande land er dagen kjend som Shrove Tuesday (etter fortidsforma av shrive, som tyder skrifte), Pancake Tuesday eller Pancake Day. Dei to sistnemnde viser til skikken med å eta mange pannekaker av smør, egg og sukker ein skulle bruka opp føre fasta.[5] Mange stader har ein tradisjonar der ein kappspring med pannekaker i panner i samband med feiringa av dagen.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NRK Sogn og Fjordane: I dag er det feitetysdag
  2. St. Olavs blogg Fetetirsdag
  3. Store Norske Leksikon: fetetirsdag
  4. St. Olavs blogg Fetetirsdag
  5. Melitta Weiss Adamson, Francine Segan (2008). Entertaining from Ancient Rome to the Super Bowl. ABC-CLIO. «In Anglican countries, Mardis Gras is known as Shrove Tuesday-from shrive meaning "confess"-or Pancake Day-after the breakfast food that symbolizes one final hearty meal of eggs, butter, and sugar before the fast.» 
  6. BBC.co.uk: Shrove Tuesday, Lent.