Fennougristikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fennougristikk er vitskapsgreina som utforskar finsk-ugriske, eller meir generelt, uralske språk. Fennougristikken står rimelegvis sterkast i Finland og Ungarn, men også Estland, Tyskland og Russland er viktige.

Publikasjonskanalar[endre | endre wikiteksten]

Sentrale tidsskrift innanfor finskugrisk forsking er Finnisch-ugrische Forschungen, Linguistica Uralica og Finnisch-Ugrische Mitteilungen. Det viktigaste vitskaplege selskapet for fennougristikk er Société del la Finno-Ougrienne (Suomalais-Ugrilainen Seura), som har sekretariat i Helsingfors.

Fennougristikken si historie[endre | endre wikiteksten]

Det er mogleg å hevde at fennougristikken vart grunnlagt med János Sajnovics si Demonstratio. Idioma Ungarorum et Lapponum idem esse frå 1770, der han viste det langt frå trivielle faktum at samisk og ungarsk er slektspråk.

På same måten som utforskinga av indoeuropeiske språk var fennougristikken på 1800-talet sterkt historisk orientert, og junggrammatikken stod sterkt. Vilhelm Thomsens påvising av korleis urgermanske lånord har halde seg uforandra i finsk hadde stor innverknad på E.N.Setälä og andre fennougristar i Finland.


I Noreg har fennougristikken konsentrert seg om utforskinga av samisk. Av norske språkforskarar har m.a. Knut Bergsland drege andre uralske språk inn i forskinga si, m.a. med ein artikkel om objektkonjugasjonen i mordvinsk.

Fennougristikkens faghistorie[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hovdhaugen, Even et al. 2000: The History of linguistics in the Nordic countries. Helsinki: Societas Scientiarum Fennica
  • Korhonen, Mikko 1986: Finno-Ugrian language studies in Finland 1828-1918. The History of learning and science in Finland 1828-1918 ; 11. Helsinki, 1986.
  • Stipa, Günter Johannes und Ruppel, Klaas Ph. 1990: Finnisch-ugrische Sprachforschung: von der Renaissance bis zum Neupositivismus. Suomalais-ugrilaisen Seuran Toimituksia 206.
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.