Finsk-ugriske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finsk-ugriske språk
Klassifisering: Uralsk
Finsk-ugrisk
Vidare inndeling:
Område: Aust- og Nord-Europa, Nord-Asia

Finsk-ugriske språk er ei gruppe språk som består av dei seks vestlegaste greinene av den uralske språkfamilien, nemleg samisk, austersjøfinsk, mordvinsk, marisk, permisk og ugrisk. Den sjuande familien er samojedisk og til saman dannar desse språka den uralske språkfamilien. Tidlegare vart finskugrisk sett på som ein eigen språkfamilie, i dag dominerer det synet at dei uralske språka best kan representerast av ein slags «busk-modell», der dei sju greinene går attende til det uralske urspråket, utan å danne (stabile) urspråk med berre nokre av dei andre seks greinene.

Det største problemet med å operere med ein separat finskugrisk språkfamilie er at det har vist seg å vere svært vanskeleg å rekonstruere eit finskugrisk urspråk som skil seg frå det rekonstruerte uralske urspråket. Det har vist seg umogleg å rekonstruere eit sams urspråk for dei ugriske språka, og dermed har det vore umogleg å rekonstruere eit finskugrisk urspråk som samtidig skilde seg frå uralsk. Grunnen til at det har vore vanskeleg å rekonstruere eit ugrisk urspråk kan vere at det aldri har vore noko, dvs. det kan vere at det er feil å sjå dei ugriske språka ungarsk, mansisk, khanti som ei eiga språkgrein i det heile, kan hende det vil vere betre å sjå på den uralske språkfamilien som ein familie beståande av ni ulike greiner, der dei ugriske språka utgjer tre av dei.