Ferdinand Lassalle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ferdinand Lassalle

Ferdinand Lassalle (fødd 11. april 1825 i Breslau i Schlesien, døydde 31. august 1864 i Genève) var ein tysk politikar og forfattar. Han høyrde til grunnleggjarane av arbeiderrørsla, og reknast som det sosialdemokratiske partiet SPDs grunnleggjar.

Han vart fødd inn i ein jødisk familie i Breslau, og studerte historie og filosofi i Breslau og Berlin frå 1842 til 1846.

Han gjekk inn for allmenne val, og var i motsetnad til Karl Marx òg tilhengjar av eit sosialt og demokratisk innretta kongerike.

Ferdinand Lassalle representerte grevinne Sophie Josepha von Hatzfeld-Trachenberg i ein nesten tiårig skilsmisseprosess og budde 1850/51 i grevinnas byhus i Düsseldorf.

Lassalle grunnla Allgemeiner Deutscher Arbeiterverein (ADAV) den 23. mai 1863, som blir rekna som opphavet til SPD.

Lassalle døydde 39 år gammal som følgje av ein duell med ektemannen til elskerinna si. Han vart gravlagd på den jødiske gravplassen (Jüdische Friedhof) i Breslau.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]