Ferrarbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 77°49′S 162°42′E
Ferrarbreen
isbre
Ferrar Glacier, Antarctica 2.jpg
Ferrarbreen
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 77°49′S 162°42′E
Lengd 55 km
Administrert under Antarktistraktaten
Ferrarbreen is located in Antarktis
Ferrarbreen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Ferrar Glacier

Ferrarbreen er ein isbre i Antarktis. Han er kring 55 km lang og flyt frå platået i Victoria Land vest for Royal Society Range til New Harbour i McMurdo Sound. Isbreen snur til høgre (austover) nordaust for Knobhead, der han flyt inntil Taylorbreen. Frå der held han fram austover langs sørsida av Kukri Hills til New Harbour.

Han vart oppdaga av Discovery-ekspedisjonen, (1901–04) under kaptein Robert Falcon Scott, som namngav breen etter Hartley T. Ferrar, ein geolog på ekspedisjonen. Namnet Ferrarbreen vart opphavleg gjeve både til denne delen av breen og delen av Taylorbreen nedanfor høresvingen. Thomas Griffith Taylor, ein geolog på Terra Nova-ekspedisjonen, under Scott, fann bevis for at dei to delane ikkje var ein enkel isbre, men to brear som låg inntil kvarandre. Scott gav då namna Ferrarbreen og Taylorbreen til dei to breane. Taylorbreen svingar til venstre ved Cavendish Rocks og flyt aust langs nordsida av Kukri Hills.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ferrarbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).