Taylorbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om breen i Antarktis. For breen i Colorado i USA, sjå Taylorbreen i Colorado.
Koordinatar: 77°44′S 162°10′E
Taylorbreen
isbre
Taylor Glacier, Antarctica 2.jpg
Taylorbreen
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 77°44′S 162°10′E
Lengd 54 km
Administrert under Antarktistraktaten
Taylorbreen is located in Antarktis
Taylorbreen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Taylor Glacier

Taylorbreen er ein isbre i Antarktis som er kring 54 km lang, og som flyt frå platået i Victoria Land til vestenden av Taylor Valley, nord for Kukri Hills og sør for Asgard Range. Den midtre delen av breen grensar i nord til Inland Forts og i sør til Beacon Valley.

Isbreen vart oppdaga av Discovery-ekspedisjonen (1901–04) og på den tida trudde ein at han var ein del av Ferrarbreen. Den vestlege gruppa under Terra Nova-ekspedisjonen 1910 fann ut at den øvre og nedre delen av det som ein då kalla Ferrarbreen låg inntil kvarandre. Den øvre delen vart då av Scott kalla opp etter Griffith Taylor, ein geolog og leiaren for den vestlege gruppa.

Det har vorte forska mykje på Taylorbreen av forskarar frå University of California at Berkeley og University of Texas at Austin.

Taylorbreen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Taylorbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).