Kukri Hills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 77°44′S 162°42′E
Kukri Hills
fjellkjede
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Victoria Land
 - høgd 2 000 moh.
 - koordinatar 77°44′S 162°42′E
Administrert under Antarktistraktaten
Kukri Hills is located in Antarktis
Kukri Hills (Antarktis)

Kukri Hills er ei markant fjellkjede som går kring 5 nautiske mil frå aust til vest med ei høgd på over 2000 moh, forming skiljet mellom Ferrarbreen i sør og Taylorbreen og Taylor Valley i nord i Victoria Land i Antarktis.[1]

Åsane vart oppdaga av Discovery-ekspedisjonen (1901–04) og truleg fekk dette namnet fordi forma minna om ein kukri, ein gurkha-kniv.[1]

Fjell i rekkja[endre | endre wikiteksten]

  • Mount Barnes er eit fjell, 985 moh, som ragar over den vestlege og sentrale sida av New Harbour og markerer austenden av Kukri Hills. Det vart oppdaga av Discovery-ekspedisjonen, 1901–04, under Scott og kalla New Harbour Heights. Det fekk det nye namnet Mount Barnes etter ein kanadisk isfysikar av den andre ekspedisjonen til Scott, Terra Nova-ekspedisjonen, 1910-13.[2]
  • Mount Brearley er eit spisst fjell, 2010 moh, som er den vestlegaste fjelltoppen i Kukri Hills. Det vart namngjeve av den vestlege gruppa, leia av Thomas Griffith Taylor, under den britiske antarktisekspeidsjonen, 1910-13.[3]
  • Sentinel Peak er eit kjenneleg, spisst fjell på over 2 000 moh, som ligg ved nordsida av Ferrarbreen og dannar det høgaste punktet sør i sentrale delar av Kukri Hills. Det vart oppdaga og namngjeve av Discovery-ekspedisjonen 1901-04 under Scott.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Kukri Hills» (innhald frå Geographic Names Information System).