Ferrignostraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ferrignostraumen
isstraum
Land  Antarktis
Stad Ellsworth Land
 - koordinatar 73°43′S 83°49′W / 73.717°S 83.817°W / -73.717; -83.817
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Ferrignostraumen
73°43′00″S 83°49′00″W / 73.7167°S 83.8167°W / -73.7167; -83.8167
Ferrignostraumen is located in Antarktis
Ferrignostraumen (Antarktis)

Ferrignostraumen er ein isstraum på meir enn 10 km som flyt ut i Eltanin Bay sørvest for Wirth Peninsula i Antarktis. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter Jane G. Ferrigno frå United States Geological Survey (USGS). Ferrigno har vore ein spesialist nokre tiår frå 1970-åra i bruk av satellittbilete for isbrestudiar og kartkompilering.[1]

Under breen ligg Ferrigno Rift, ein riftdal som er 1,5 km djup, 10 km brei og minst 100 km lang.[2] Riftdalen vart oppdaga ved hjelp av radar som trengde ned i isen under kartlegginga av isbreen i 2010 av ei gruppe frå British Antarctic Survey og University of Aberdeen.[3] Den isfylte riftdalen er knytt til havet og ein trur at han har innverknad på istapet frå Den vestantarktiske innlandsisen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ferrigno Ice Stream». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 16. januar 2014. 
  2. Bingham, Robert G.; Ferraccioli, Fausto; King, Edward C.; Larter, Robert D.; Pritchard, Hamish D.; Smith, Andrew M.; Vaughan, David G. (2012). «Inland thinning of The West Antarctic Ice Sheet steered langs sub-glacial rifts». Nature 487: 468–471. doi:10.1038/nature11292.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  3. 3,0 3,1 Hidden Rift Valley discovered Beneath West-Antarctic Reveals New Insight Into Ice Loss, ScienceDaily.com, July 25, 2012, henta 28. januar 2014 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ferrignostraumen» (innhald frå Geographic Names Information System).