Fijipetrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fijipetrell

Status i verda: CR Kritisk truga


Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Pseudobulweria
Art: P. macgillivrayi
Vitskapleg namn
Pseudobulweria macgillivrayi

Fijipetrell (Pseudobulweria macgillivrayi) er ein liten, mørk petrell i stormfuglfamilien, med ekstremt liten populasjon. Han var tidlegare rekna som medlem av slekta Pterodroma og ber det alternative vitskaplege namnet Pterodroma macgillivrayi.

Denne fuglen er ca. 29 cm, med vengespenn på 73 cm, og kroppsmassen er målt til 120-145 gram.[1] Han er einsfarga mørk sjokoladebrun, har mørke auge, nebb og føter med lyseblå flekker på symjehuda. Nebbet er relativt kraftig og vengene lange. Fijipetrellar kan sjåast i farvatna rundt Gau Island, Fiji, men ein trur dei spreiier seg til pelagiske farvatn langt frå øya.

Fijipetrellen var opphavleg kjent frå eit eksemplar av ein ungfugl funne i 1855 på Gau Island etter at ein forskar tok prøven med til British Museum i London. Eksemplaret vart gjenoppdaga i 1983, etter det er det komme ytterlegare sju registreringar, som inkluderte fanging og fotografering av eit vaksent individ i april 1984.

I august 2007 vart ein fersk hudprøve av ein skadt fijipetrell, som seinare døydde, gjort tilgjengeleg for studium på Fiji.

I mai 2009 vart dei første bileta av fuglen på havet tatt ca. 25 nautiske mil sør for Gau Island. [2]

Denne arten er klassifisert som kritisk truga, fordi alle observasjonane som til saman er gjort er frå ein liten populasjon på mindre enn 50 individ, og populasjonen er avgrensa til eit svært lite hekkeområde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Shirihai et al, 2009
  2. BBC Earth News 'Lost seabird' returns to ocean Henta 20. juni 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]