Hopp til innhald

Filip Jícha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Filip Jícha


Statsborgarskap Tsjekkia
Fødd 19. april 1982 (42 år)
Starý Plzenec, Plzeň
Idrett handball
Tok del i den europiske cupvinnarcupen i handvall for menn 2000-2001
Utmerkingar Årets håndballspiller i Tyskland, Årets håndballspiller i Tyskland, Årets handballspelar frå IHF

Filip Jícha (fødd 19. april 1982) er ein tsjekkisk handballspelar og -trenar frå Plzen. Han var med om å vinne meisterligaen for Kiel både som spelar og seinare -trenar. Han var venstre rykkromspelar.

Jícha var perioden 2000-05 aktiv i klubbar i heimlandet Tsjekkia, Qatar, Saudi-Arabia og Sveits. I tiåret 2005-15 spelte han fyrst to sesongar i tyske Lemgo, deretter åtte sesongar i THW Kiel. Med Lemgo vann han EHF-cupvinnarcupen 2006 og med Kiel EHF-meisterligaen 2010 og 2012. Jícha avslutta med spel for FC Barcelona 2015-17, der han fekk med seg nasjonale dobbeltriumfar begge sesongane.

Åra 2000-16 skåra Jícha heile 877 mål på sine 158 landskampar for Tsjekkia.

I 2019 vart Jícha sjefstrenar i THW Kiel. Han leia laget til triumf i EHF-meisterligaen 2020, to tyske seriemeisterskap og siger i den tyske pokalfinalen 2022.