Fiolinsonate nr. 36 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fiolinsonate nr. 36
K. 547
Fiolinsonate av Wolfgang Amadeus Mozart
Sjanger Kammermusikk
Periode Wienerklassisismen
Komponert 10. juli 1788
Typisk lengd 19:21
Satsar 3

Sonate i F for fiolin og klaver, KV 547, vart komponert ferdig den 10. juli 1788 av Wolfgang Amadeus Mozart. Sonaten vert ofte kalla «For nybyrjarar» og var ferdig to veker etter ein pianosonate i C-dur, K. 545, med same kallenamn. I motsetnad til tidlegare klaversonatar, der fiolinen var like viktig, er denne sonaten dominert av klaveret. Med omsyn på dette er det berre fiolindelen som er enkel og klaverdelen er ikkje «for nybyrjarar».[1]

Verket består av tre satsar:

  1. Andante cantabile
  2. Allegro
  3. Andante con variezioni

Den andre satsen vart arrangert for solopiano i lag med finalen i pianosonaten i C, K. 545 for å danne Pianosonate i F-dur, K. 547a.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Abram Loft, Fiolin and Keyboard: The Duo Repertoire: Volume I: From the Seventeenth Century to Mozart, p. 302, Portland: Amadeus Press (1973), ISBN 0-931340-36-5

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]