Fjelldal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjelldal
stad
none
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Tjeldsund

Fjelldal er ei bygd i Tjeldsund kommune i Nordland. Fjelldal ligg på fastlandet, på austsida av Tjeldsundet. Den næraste byen er Harstad, som ligg om lag 45 kilometer unna. Frå Fjelldal tar det om lag eitt kvarter å køyre til Harstad/Narvik lufthamn, Evenes.

Fjelldal har barneskule (Fjelldal skole) og barnehage (Kanutten barnehage). Sentralt på Fjelldal ligg eit servicesenter med butikk, Hydranten Pub & Spiseri, frisør (Studio 2 AS) og helsesenter med legekontor. Like ved servicesenteret ligg Norges Brannskole. Det er òg ei småbåthamn på Fjelldal, der Fjelldal Båtforening held til.

I forhold til traseplanen for Nord-Noreg-banen skulle sidesporet til Harstad passere over ei jernbanebru frå Fjelldal til Sandtorg.