Tjeldsundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 68°33′2.1348″N 16°27′9.7668″E

Den sørlege delen av Tjeldsundet

Tjeldsundet (samisk Dielddanuorri) er eit langt sund på austsida av Hinnøya i Tjeldsund og Lødingen kommune i Nordland og Harstad og Skånland kommune i Troms. På austsida av sundet ligg fastlandet og Tjeldøya. Sundet har ei lengd på om lag 43 km.

I nord startar sundet i botn av Vågsfjorden ved Fauskevåg. Tjeldsundbrua ligg like sør for innløpet og er ein del av E10 som går langs nesten heile vestsida av sundet, og langs delar av austsida. Litt sør for brua ligg tettstaden Evenskjer på austsida av sundet. Sør for Evenskjer ligg Lavangsfjorden langs grensa mellom Troms og Nordland. Frå her går Tjeldsundet vestover og inn i Nordland. Ramsundet kjem opp på austsida av Tjeldøya. I andre enden av Ramsundet ligg Ofotfjorden.

Sundet går så vidare på nordsida av Tjeldøya. Då sundet snur sørover på vestsida av Tjeldøya går Fiskefjorden nordover. Lenger sør ligg Kjerfjorden på austsida av sundet. Sundet endar i sør mellom Lødingen og Tjeldodden.

I tillegg til E10 går vegane Riksveg 824, Riksveg 825, Riksveg 83 og Riksveg 85 langs delar av sundet. På Tjeldøya følgjer Fv711 heile nord- og vestsida av øya.

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tjeldsundet