Fjolne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjolne ramlar i mjødkaret

Fjolne (Fjolnir) eller Fjølne er namnet på ein tidleg konge av Ynglingeætta i Svitjod, rekna som son av guden Frøy og gygra Gjerd Gymesdotter. Han lyt reknast som mytisk, og er omtala i Ynglingesoga og i Den eldste Noregshistoria. Båe kjelder er samde om at han mista livet då han drukna i ei mjødtønne eller eit bryggekar.

Snorre Sturlason har den mest utmåla skildringa av Fjolne. Han er skildra som "Mektug, årsæl og vensæl". Han er nært knytt til Fred-Frode, som var konge i Leidra (Lejre) på Sjælland. Bryggekaret er her "mange alner høgt", og Fjolne sov på svala over. Om natta laut han opp for å late vatnet, og var fælt drukken, slik at han snåva og ramla uti bryggekaret. Her drukna han.

Tjodolv frå Kvine fortel om hendinga i Ynglingatal:

Varð framgengt,
þars Froði bjó,
feigðar orð
es at Fjǫlni kom;
auk sikling
svigðis geira
vágr vindlauss
of viða skyldi.

Omsett:

Feig var det sagt
at Fjolne var,
i garden hans Frode
han fekk det å kjenna
Der var han lagi,
at log åt mjødhorn
hans bane vart
i vindlaus sjø.

Fjolne er far til Svegde, som tok riket etter han.

Andre tilvisingar til Fjolne[endre | endre wikiteksten]

Namnet Fjolne finst att i Grimnesmål, og er då eit av dei mange dekknamna til Odin. Sameleis nyttar Odin dette namnet om seg sjølv i Soga om Volsungane, der han helsar Sigurd Fåvnesbane under dette namnet.

Det har vore påpeikt at det er eit litterært samantreff at namnet Fjolne går att som nemning på Odin og samstundes på ein son av Frøy. Dette kan vera ei samanblanding av namn, men og ei påminning om at Odin i nokre overleveringar har hatt Frøy som far. Ein meir tradisjonell Odin-variant er oppført øvst i lista over kongar i Svitjod hjå Snorre, før Ynglingeætta i røynda tek til med Njord. I Den eldste Noregshistoria står Ingve øvst i denne lista, heller enn Odin. Ingve er rekna som far til Njord i denne teksten. Det er soleis Snorre som har sett Odin inn øvst i kongerekka.