Hopp til innhald

Fløibanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fløibanen

TransporttypeKabelbane
StadBergen i Noreg
Opna1918-01-1515. januar 1918
Drift
EigarFløibanen AS
OperatørFløibanen AS
Sporlengde850 m
Sporvidde1 m
Linjer1
Stasjonar5
Passasjertal1,2 millionar årleg
Vognmateriell
Vognar2
Høgste fart20 km/t
Høgste fart i drift14 - 20 km/t
Passasjerar100

Fløibanen er den einaste skjenegåande kabelbanen i Skandinavia for persontransport.

Banen går frå sentrum (Vetrlidsallmenningen) til Fløyfjellet med Fløien Folkerestaurant. Fløibanen er ein av dei største og mest vitja turistattraksjonane i Bergen og har årleg om lag ein million påstigingar. Banen vart bygd etter mønster av liknande banar i Sør-Tyskland, Italia og Sveits. Byggjearbeida starta i 1914 og banen vart offisielt opna i 1918. To vogner som kvar rommar om lag 100 passasjerar køyrer mellom Bergen sentrum og Fløyen året rundt. Banelengda er 844 m og banen har ei stiging på mellom 15 og 26°. Høgdeskilnaden mellom nedre og øvre stasjon er 302 m.


Teiknforklaring
Fløien 320 moh.
Stopp utan av-/påstiging
(for motgåande stopp ved Proms gate)
Skansemyren 181 moh.
Fjellveien 114 moh.
Proms gate 59 moh.
Vetrlidsallmenningen (Sentrum) 18 moh.

Ein liknande kabelbane finst òg i hovudstaden WellingtonNew Zealand, og der er òg ein stutt kabelbane opp mot Montmartre i Paris i Frankrike.



Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]