Voodoo Lounge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Voodoo Lounge
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 11. juli 1994
Innspelt September, 3. november – 11. desember 1993, 15. januar – 23. april 1994
Studio Huset til Ronnie Wood, Windmill Lane Studios i Dublin; miksing og overdubbing i A&M Studios i Los Angeles og Right Track Recording i NYC[1]
Sjanger Hardrock, bluesrock, rootsrock
Lengd 62:08
Selskap Virgin
Produsent Don Was, The Glimmer Twins
The Rolling Stones-kronologi
Steel Wheels
(1989)
Voodoo Lounge Bridges to Babylon
(1997)
Singlar frå Voodoo Lounge
  1. «Love Is Strong»
    Utgjeve: 4. juli 1994
  2. «You Got Me Rocking»
    Utgjeve: 26. september 1994
  3. «Out of Tears»
    Utgjeve: 28. november 1994
  4. «I Go Wild»
    Utgjeve: 3. juli 1995
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[2]
Chicago Tribunepositiv[3]
Entertainment WeeklyC+; opphavleg B[4]
Los Angeles Times3/4 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[5]
The New York Timespositiv[6]
Peoplenegativ[7]
Robert Christgau(2/3 stars honorable mention)(2/3 stars honorable mention)(2/3 stars honorable mention)[8]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[9]
Vox8/10[10]

Voodoo Lounge er eit album av The Rolling Stones og kom ut i 1994. Det var det første albumet deira på plateselskapet Virgin Records, og det første på fem år etter Steel Wheels i 1989. Voodoo Lounge var òg det første Rolling Stones-albumet utan bassisten Bill Wyman, som slutta i bandet tidleg i 1993.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter soloalbuma til Keith Richards (Main Offender) og Mick Jagger (Wandering Spirit) i 1992 og 1993, slo dei seg saman og starta å skrive nye songar i april 1993. Dei valde å ta inn Don Was som medprodusent. I september øvde og spelte dei inn songar heime hos Ronnie Wood i Irland, og i november flytte dei til Windmill Lane Studios i Dublin, der innspelinga av Voodoo Lounge starta. Darryl Jones tok no Bill Wyman sin plass som den faste bassisten i bandet, men var ikkje eit offisielt medlem.

Etter ein innspelingsperiode i Los Angeles i starten av 1994 vart Voodoo Lounge gjort ferdig og The Rolling Stones starta førebuingane til ein ny, massiv verdsturné, som starta i august. «Love Is Strong» vart gjeven ut som den første singelen deira, og nådde 14. plass i Storbritannia. Singelen slo derimot ikkje an i USA, der han stoppa på 91. plass, den dårlegaste plasseringa for ein førstesingel av Rolling Stones i USA nokon gong. To andre singlar vart gjevne, «Out of Tears», som nådde 60. plass og «You Got Me Rocking», som berre gjekk opp til 113. plass. Voodoo Lounge vart dermed det første Rolling Stones-albumet som ikkje hadde store hittar i USA. I Storbritannia gjekk derimot både «Love Is Strong», «You Got Me Rocking», «Out Of Tears» og «I Go Wild» alle inn på Topp 40.

Voodoo Lounge kom ut i juli 1994 og fekk god kritikk. Det gjekk rett til topps på den britiske albumlista (den første førsteplassen deira i heimlandet sidan Emotional Rescue tidleg på 80-talet) og andreplassen i USA. I Noreg nådde albumet tredjeplass på VG-lista.

Produsent Don Was var kjend for å ein produksjonsstil basert på eldre rock, og gjorde sitt til at albumet hadde ein meir klassisk Rolling Stones-stil, enn den meir glattare produksjonen som hadde prega albuma deira på 80-talet. Resultatet vart eit album med blues, R&B og country som albuma deira frå seint på 60-talet og tidleg på 70-talet. Sjølv om både kritikarar og tilhengjarar tykte godt om resultatet, har Jagger seinare sagt seg misnøgd med estetikken til Was, og lagde eit meir variert album med Bridges to Babylon, det neste studioalbumet. Likevel vart Was nytta som produsent i lang tid sidan.

Tidleg i 1994, midt under Voodoo Lounge-turneen, som først var ferdig i august, vann Voodoo Lounge Grammy Award for beste rockealbum. Sjølv om det ikkje vert rekna som like bra som dei klassiske Rolling Stones-albuma, vart Voodoo Lounge i større grad rekna som eit comeback enn Steel Wheels vart då det kom ut.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards. 

# Tittel Lengd
1. «Love Is Strong»   3:50
2. «You Got Me Rocking»   3:35
3. «Sparks Will Fly»   3:16
4. «The Worst»   2:24
5. «New Faces»   2:52
6. «Moon Is Up»   3:42
7. «Out of Tears»   5:27
8. «I Go Wild»   4:23
9. «Brand New Car»   4:15
10. «Sweethearts Together»   4:45
11. «Suck on the Jugular»   4:28
12. «Blinded by Rainbows»   4:33
13. «Baby Break It Down»   4:09
14. «Thru and Thru»   6:15
15. «Mean Disposition»   4:08

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones

Andre medverkande

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1994) Plassering
Den australske ARIA-lista[12] 1
Den austerrikske albumlista[13] 1
Den belgiske albumlista (Flandern) [14] 13
Den belgiske albumlista (Vallonia)[15] 26
Kanadiske RPM-lista[16] 1
Den nederlandske albumlista[17] 1
Den franske SNEP-lista[18] 2
Den tyske Media Control-lista[19] 1
Den italienske albumlista[20] 4
Den japanske albumlista[21] 2
Den newzealandske albumlista[22] 1
Noreg - VG-lista[23] 3
Den spanske albumlista[24] 6
Den svenske albumlista[25] 2
Den sveitsiske albumlista[26] 1
UK Albums Chart[27] 1
U.S. Billboard 200[28] 2

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Plassering
1994 «Love Is Strong» UK Top 75 Singles[29] 14
The Billboard Hot 100[30] 91
Mainstream Rock Tracks 2
«You Got Me Rocking» Mainstream Rock Tracks 2
UK Top 75 Singles[31] 23
«Out of Tears» The Billboard Hot 100[30] 60
Mainstream Rock Tracks[30] 14
UK Top 75 Singles[32] 36
1995 «You Got Me Rocking» Bubbling Under Hot 100 113
«Sparks Will Fly» Mainstream Rock Tracks 30
«I Go Wild» Mainstream Rock Tracks 20
UK Top 75 Singles[33] 29

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1994) Plassering
Den austerrikske albumlista[34] 18
Den kanadiske albumlista[35] 13
Den nederlandske albumlista[36] 29
Den franske albumlista[37] 28
Den italienske albumlista[20] 37
Den japanske albumlista[38] 105
Den sveitsiske albumlista[39] 31
US Billboard 200[40] 62

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Austerrike (IFPI Austerrike)[41] Gull 25 000x
Canada (Music Canada)[42] 3× Platina 300 000^
Frankrike (SNEP)[43] 2× Gull 295,400[44]
Tyskland (BVMI)[45] Platina 500 000^
Japan (RIAJ)[46] Gull 172,410[38]
Mexico (AMPROFON)[47] Platina 250 000^
Nederland (NVPI)[48] Platina 100 000^
Noreg(IFPI Noreg)[49] Gull 25 000*
Spania(PROMUSICAE)[50] Gull 50 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[51] Gull 25 000x
Storbritannia (BPI)[52] Gull 100 000^
USA (RIAA)[53] 2× Platina 2 000 000^
Oppsummering
Europa (IFPI)[54] Platina 1 000 000*

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.timeisonourside.com/lpVoodoo.html
  2. Erlewine, Stephen Thomas. «Review: Voodoo Lounge». Macrovision Corporation. http://www.allmusic.com/album/r202224. Henta 30. mars 2018. 
  3. Kot, Greg (1994-07-10). «The Stones Age It's Not Great, But The New Album Gives Some Satisfaction». Chicago Tribune. http://articles.chicagotribune.com/1994-07-10/entertainment/9407100083_1_stones-age-voodoo-lounge-charlie-watts-trommer. Henta 29. mars 2018. 
  4. Browne, David (1994-07-22). «Music Review > Voodoo Lounge (1994) > The Rolling Stones». ew.com. Entertainment Weekly. http://www.ew.com/ew/article/0,,303050,00.html. Henta 29. mars 2018. 
  5. Hilburn, Robert (10. juli 1994). «Good 'Voodoo' or Lounge-Lizard Time? : ***; THE ROLLING STONES, «Voodoo Lounge» ( Virgin ) : THE REVIEW : Getting back to basics, the Stones again sound relaxed and enthused». articles.latimes.com. Los Angeles Times. http://articles.latimes.com/1994-07-10/entertainment/ca-13753_1_voodoo-lounge. Henta 29. mars 2018. 
  6. Pareles, Jon (10. juli 1994). «RECORDINGS VIEW; The Undead Stones Sing Songs of Love». nytimes.com. The New York Times. https://www.nytimes.com/1994/07/10/arts/recordings-view-the-undead-stones-sing-songs-of-love.html. Henta 29. mars 2018. 
  7. «Picks and Pans Review: Voodoo Lounge». People. 18. juli 1994. Arkivert frå originalen den 23. august 2016. https://web.archive.org/web/20160823020120/http://www.people.com/people/article/0,,20103451,00.html. Henta 29. mars 2018. 
  8. Christgau, Robert. «Review: Voodoo Lounge (Capitol, 1994)». http://www.robertchristgau.com/get_album.php?id=3845. Henta 30. mars 2018. 
  9. O'Dair, Barbara (11. august 1994). «Review: The Rolling Stones – Voodoo Lounge». Jann Wenner. https://www.rollingstone.com/music/albumreviews/voodoo-lounge-19940811. Henta 30. mars 2018. 
  10. Dalton, Steven. «Review: Rolling Stones – Voodoo Lounge (Virgin V2750)». Vox (IPC Media) (VOX47, August 1994): 93. 
  11. Saulnier, Jason (8. april 2010). «Chuck Leavell Interview». Music Legends. http://musiclegends.ca/interviews/chuck-leavell-interview-rolling-stones/. Henta 30. mars 2018. 
  12. «australian-charts.com The Rolling Stones – Voodoo Lounge» (ASP). Australian Recording Industry Association. http://australian-charts.com/showitem.asp?interpret=The+Rolling+Stones&titel=Voodoo+Lounge&cat=a. Henta 30. mars 2018. 
  13. «austriancharts.at The Rolling Stones – Voodoo Lounge» (på tysk) (ASP). Hung Medien. http://austriancharts.at/showitem.asp?interpret=The+Rolling+Stones&titel=Voodoo+Lounge&cat=a. Henta 30. mars 2018. 
  14. «ultratop.be The Rolling Stones – Voodoo Lounge» (på nederlandsk) (ASP). Hung Medien. Ultratop. http://www.ultratop.be/nl/showitem.asp?interpret=The+Rolling+Stones&titel=Voodoo+Lounge&cat=a. Henta 30. mars 2018. 
  15. «ultratop.be The Rolling Stones – Voodoo Lounge» (på fransk) (ASP). Hung Medien. Ultratop. http://www.ultratop.be/fr/showitem.asp?interpret=The+Rolling+Stones&titel=Voodoo+Lounge&cat=a. Henta 30. mars 2018. 
  16. «Top Albums/CDs – Volume 60, No. 2» (PHP). RPM. 1994-08-01. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.2549&type=1&interval=24&PHPSESSID=bo3abg99f674an26828fe41l16. Henta 30. mars 2018. 
  17. «dutchcharts.nl The Rolling Stones – Voodoo Lounge» (ASP). Hung Medien. MegaCharts. http://dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=The+Rolling+Stones&titel=Voodoo+Lounge&cat=a. Henta 30. mars 2018. 
  18. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen den 26. januar 2016. https://web.archive.org/web/20160126084927/http://infodisc.fr/Album_R.php. Henta 30. mars 2018. 
  19. «Album Search: The Rolling Stones – Voodoo Lounge» (på tysk). Media Control. http://www.officialcharts.de/album.asp?artist=The+Rolling+Stones&title=Voodoo+Lounge&cat=a&country=de. Henta 30. mars 2018. 
  20. 20,0 20,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1994» (på italiensk). hitparadeitalia.it. http://www.hitparadeitalia.it/hp_yenda/lpe1994.htm. Henta 30. mars 2018. 
  21. «ヴードゥー・ラウンジ/ザ・ローリング・ストーンズ-リリース-ORICON STYLE-ミュージック» (på Japanese). oricon.co.jp. Oricon Style. http://www.oricon.co.jp/music/release/d/297165/1/. Henta 30. mars 2018. 
  22. «charts.org.nz The Rolling Stones – Voodoo Lounge» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. http://charts.org.nz/showitem.asp?interpret=The+Rolling+Stones&titel=Voodoo+Lounge&cat=a. Henta 30. mars 2018. 
  23. «norwegiancharts.com The Rolling Stones – Voodoo Lounge» (ASP). http://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=The+Rolling+Stones&titel=Voodoo+Lounge&cat=a. Henta 30. mars 2018. 
  24. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  25. «swedishcharts.com The Rolling Stones – Voodoo Lounge» (på svensk) (ASP). http://swedishcharts.com/showitem.asp?interpret=The+Rolling+Stones&titel=Voodoo+Lounge&cat=a. Henta 30. mars 2018. 
  26. «The Rolling Stones – Voodoo Lounge – hitparade.ch» (på tysk) (ASP). Hung Medien. Swiss Music Charts. http://hitparade.ch/showitem.asp?interpret=The+Rolling+Stones&titel=Voodoo+Lounge&cat=a. Henta 30. mars 2018. 
  27. «The Rolling Stones > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. http://www.officialcharts.com/artist/_/The%20Rolling%20Stones/. Henta 30. mars 2018. 
  28. «allmusic ((( Voodoo Lounge > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r202224/charts-awards. Henta 30. mars 2018. 
  29. ««Love Is Strong» UK chart history-Rolling Stones singles». http://www.chartstats.com/songinfo.php?id=22082. Henta 30. mars 2018. 
  30. 30,0 30,1 30,2 «Billboard Albums». AllMusic. http://www.allmusic.com/artist/the-rolling-stones-mn0000894465/awards. 
  31. ««You Got Me Rocking» UK chart history-Rolling Stones singles». Arkivert frå originalen den 3. februar 2014. https://web.archive.org/web/20140203053311/http://www.officialcharts.com/search-results-album/_/You+Got+Me+Rocking#single. Henta 30. mars 2018. 
  32. ««Out of Tears» UK chart history-Rolling Stones singles». Arkivert frå originalen den 3. februar 2014. https://web.archive.org/web/20140203053311/http://www.officialcharts.com/search-results-album/_/You+Got+Me+Rocking#single. Henta 30. mars 2018. 
  33. ««I Go Wild» UK chart history-Rolling Stones singles». http://www.theofficialcharts.com/search-results-album/_/I+Go+Wild#single. Henta 30. mars 2018. 
  34. «Austriancharts.at – Jahreshitparade 1994» (på tysk) (ASP). Hung Medien. http://austriancharts.at/1994_album.asp. Henta 30. mars 2018. 
  35. «RPM Top 100 Albums of 1994». RPM. 12. desember 1994. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.2686&type=1&interval=24&PHPSESSID=mhe12pta2k83e08udtq66ot062. Henta 30. mars 2018. 
  36. «Dutch charts jaaroverzichten 1994» (på nederlandsk) (ASP). http://dutchcharts.nl/jaaroverzichten.asp?year=1994&cat=a. Henta 2. april 2014. 
  37. «Les Albums (CD) de 1994 par InfoDisc» (på fransk) (PHP). infodisc.fr. Arkivert frå originalen den 30. mars 2014. https://web.archive.org/web/20140330174621/http://infodisc.fr/B-CD_1994.php. Henta 30. mars 2018. 
  38. 38,0 38,1 Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  39. «Hitparade.ch – Schweizer Jahreshitparade 1994». Hung Medien. http://hitparade.ch/year.asp?key=1994. Henta 30. mars 2018. 
  40. Billboard Magazine – 1994: The Year in Music. Billboard (Nielsen Business Media). 24. desember 1994. 
  41. «Austrian album salstrofé – The Rolling Stones – Voodoo Lounge» (på German). IFPI Austerrike. http://www.ifpi.at/?section=goldplatin. Henta 30. mars 2018.  Enter The Rolling Stones in the field Interpret. Enter Voodoo Lounge in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  42. «Canadian album salstrofé – The Rolling Stones – Voodoo Lounge». Music Canada. http://www.musiccanada.com/gold-platinum/#!/gp_search=%22Voodoo+Lounge%22%20%22The+Rolling+Stones%22. Henta 30. mars 2018. 
  43. «French album salstrofé – The Rolling Stones – Voodoo Lounge» (på French). Syndicat National de l'Édition Phonographique. http://www.disqueenfrance.com/fr/pag-259165-CERTIFICATIONS.html?year=1994. 
  44. «Les Albums Double Or» (på fransk). infodisc.fr. SNEP. Arkivert frå originalen den 10. november 2013. https://web.archive.org/web/20131110024146/http://www.infodisc.fr/CDCertif_O2.php?debut=650. Henta 30. mars 2018. 
  45. «Gold-/Platin-Datenbank (The Rolling Stones; 'Voodoo Lounge')» (på German). Bundesverband Musikindustrie. http://www.musikindustrie.de/gold_platin_datenbank/?action=suche&strTitel=Voodoo+Lounge&strInterpret=The+Rolling+Stones&strTtArt=alben&strAwards=checked. Henta 30. mars 2018. 
  46. «RIAJ > The Record > September 1994 > Certified Awards (July 1994)» (på Japanese). Recording Industry Association of Japan. http://www.riaj.or.jp/issue/record/1994/199409.pdf. Henta 30. mars 2018. 
  47. «AMPROFON». amprofon.mx. http://eil.com/shop/moreinfo.asp?catalogid=210986. Henta 30. mars 2018. 
  48. «Dutch album salstrofé – The Rolling Stones – Voodoo Lounge» (på Dutch). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. http://www.ifpi.nl/nvpi/pagina.asp?pagkey=60463. Henta 30. mars 2018. 
  49. «Norwegian album salstrofé – The Rolling Stones – Voodoo Lounge» (på Norwegian). IFPI Norway. http://www.ifpi.no/sok/lst_trofeer_sok.asp?type=artist. Henta 30. mars 2018. 
  50. «Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano: Certificados 1991–1995». Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano. ISBN 8480486392. http://www.mediafire.com/view/vqzno2c0fe48zam. 
  51. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (The Rolling Stones; 'Voodoo Lounge')». Hung Medien. http://www.swisscharts.com/search_certifications.asp?search=The+Rolling+Stones+Voodoo+Lounge. Henta 30. mars 2018. 
  52. «British album salstrofé – The Rolling Stones – Voodoo Lounge». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx. Henta 30. mars 2018.  Enter Voodoo Lounge in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  53. «American album salstrofé – The Rolling Stones – Voodoo Lounge». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22Voodoo+Lounge%22. Henta 30. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  54. «IFPI Platinum Europe Awards – 1996». International Federation of the Phonographic Industry. http://www.ifpi.org/content/section_news/plat1996.html. Henta 30. mars 2018.