Nordhordlandsbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordhordlandsbrua
Nordhordlandsbrua2.jpg
Offisielt namn Nordhordlandsbrua
Transporterer Biltrafikk
Kryssar Salhusfjorden
Veg E39
Stad Meland og Bergen i Noreg
Utforming Skråkabelbru og flytebru
Total lengd 1 614 m
Seglingshøgd 32 m
Trafikk 14 911 dagleg
Opna 22. september 1994

Nordhordlandsbrua, som vart opna 22. september 1994, går over Salhusfjorden frå Klauvaneset ved Salhus til Flatøy og har ei samla lengde på 1614 meter. Nordhordlandsbrua er ein del av Europaveg 39.

Brua er sett saman av ulike konstruksjonar. Sjølve bruspennet over skipsleia er 172 meter langt og heng frå eit tårn på 99 meter, og går over i ei flytebru på 1246 meter — verdas lengste flytebru utan forankring på sidene. Brua avløyste ferjesambandet Knarvik–Steinestø, som var det mest trafikkerte i landet. Nordhordlandsbrua er i hovudsak bompengefinansiert. Då brua blei nedbetalt i november 2005, hadde bilistane i løpet av 11 år betalt i alt 1372 millionar kroner. 31. desember 2005 blei innkrevjinga av bompengar avslutta.

I juni 2005 passerte det i snitt vel 11 000 køyretøy kvart døgn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nordhordlandsbrua

Koordinatar: 60°31′18″ N 5°16′9″ E