Flo Rida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flo Rida
Flo Rida2012.jpg
Fødd16. september 1979 (42 år)
FødestadCarol City, Opa-locka
FødenamnTramar Lacel Dillard
AliasFlo
OpphavUSA
Aktiv2000–
SjangerHiphop, electro-hop, pop rap
Instrumentvokal
PlateselskapAtlantic Records, Poe Boy Entertainment
Verka sommusikar, rappar

Tramar Dillard (fødd 16. september 1979) betre kjend under artistnamnet Flo Rida, er ein amerikansk rappar frå Florida. Som tenåring turnerte han rundt med eit band kalla «2 Live Crew». Mail on Sunday var debutalbumet til Flo Rida, og den fyrste singelen hans «Low» låg på førsteplassen på den amerikanske singellista i ti veker i 2008.[1] I 2009 kom det andre albumet hans, R.O.O.T.S., med songane «Be on You» med Ne-Yo og «Sugar» med Whynter.

Flo Rida deltok i Eurovision Song Contest 2021 for San Marino, saman med Senhit og songen «Adrenalina». Låten vart nummer 22 av 26 i finalen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Flo Rida». Henta 5. september 2021. 
  2. «Eurovision: Flo Rida to join Senhit on stage for San Marino». BBC News (på engelsk). 18. mai 2021.