Flussmiddel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kolofonium til bruk som flussmiddel ved lodding.

Flussmiddel er tilsetningsstoff ein bruker i metallurgiske prosessar for å overføra eldfaste stoff til lettsmelteleg, flytande slagg. Kalk og kvarts kan verka som flussmiddel ved forslagging av høvesvis sure og basiske oksid. Flusspat (fluoritt) er eit særskild effektivt flussmiddel. Ved framstilling av emalje og glasur for keramiske produkt nyttar ein mellom anna boraks og soda som flussmiddel. Ein bruker også flussmiddel ved sveising av aluminium (fluorid og klorider), ved slaglodding (ofte med flussmiddel på basis av borat), ved lodding og ved forsinking (klorid).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «flussmiddel». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018. 
Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.