Hopp til innhald

Foúrni

Foúrni
Lokalt namn Φούρνοι
Foúrni by
Foúrni by
Geografi
StadEgearhavet
Koordinatar37°34′N 26°30′E / 37.567°N 26.500°E / 37.567; 26.500
ØygruppeDei nordegeiske øyane
Areal45,347 km²
Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Dei nordlege egeiske øyane
Ikaría
Største busetnadFourni (898 innb.)
Demografi
Folketal1 343 (2021[1])
Folketettleik29,6 /km²

Fourni (gresk Φούρνοι eller Φούρνοι Κορσέων, Foúrni Korséon), er ei gruppe småøyar i Hellas aust i Egearhavet. Dei ligg mellom Ikaría, Sámos og Pátmos.

Foúrni er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Ikaría i periferien Dei nordlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Foúrni 1 343 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 898 innbyggjarar.[1]

Dei to største øyane i gruppa, hovudøya og øya Thýmena er busett. På hovudøya Foúrni ligg den største tettstaden og nord på øya Khrysomiliá, som er den nest største. Dei fleste innbyggjarane er fiskarar, sjølv om dei om sommaren òg driv med turistindustrien, hovudsakleg utleige av rom og restaurantverksemd. På hovudøya finn ein mange flotte stender. Øyane er forholdsvis rolege med ein avslappa atmosfære.

Transport om vinteren (hovudsakleg frå november til april) stoppar ofte opp på grunn av dårleg vêr, hovudsakleg sterk vind. Resten av året går det båtsamband til Ikaría og Sámos.

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

TettstadFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
Foúrni1 120898
Thýmena by136179
Khrysomiliá10486
Kámbi Khrysomiléas5044
Kámbi Fournón1539

Andre busetnader på øya er:

  • Balí (28)
  • Ájos Ioánnis Thermastís (12)
  • Kamári (27)
  • Keramidoú (12)
  • Plajá (12)
  • Dafnoliés (3)

Småøyar i kommunen:

  • Thýmena (179)
  • Ájos Minás (3)
  • Alatonísi (0)
  • Anthropofás (0)
  • Thymenáki (0)
  • Kisiriá (0)
  • Makronísi (0)
  • Mikrós Anthropofás (0)
  • Petrokávaro (0)
  • Pláka (0)
  • Plakáki (0)
  • Strongyló (0)

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]