Mytilíni
Mytilíni Lokalt namn Μυτιλήνη | |
---|---|
![]() Mytilíni | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Dei nordegeiske øyane |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 564,7 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Dei nordlege egeiske øyane Lésvos |
Hovudsete | Mytilíni (27 871 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 57 872 (2011[1]) |
Folketettleik | 102,5 /km² |
Mytilíni (gresk Μυτιλήνη, tyrkisk Midilli), òg kalla Mytilene, er ein by og ein kommune aust på øya Lésvos. Han er hovudbyen på øya og hovudsete i kommunen Mytilíni og i periferieininga Lésvos i periferien Dei nordlege egeiske øyane i Hellas.[2]
Mytilíni har ei vakker hamn med ferjesamband til dei nærliggande øyane Límnos og Khíos og til Avyalik i Tyrkia. Hamna har òg båtsamband til Pireus, Aten og Thessaloníki.
Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]
Mytilíni hadde vore eigen kommune fram til 2011, men vart då ei kommunaleining i kommunen Lésvos.[2] Frå 2019 vart storkommunen delt opp att, og dei opphavlege kommunane Ajásos, Everjétoulas, Jéra, Loutrópoli Thermís, Mytilíni og Plomári vart kommunaleiningar i den nye kommunen Mytilíni.[3]
Ved folketeljinga i 2011 var det 57 872 innbyggjarar i det som no er kommunen Mytilíni. Kommunaleininga Mytilíni hadde 37 890 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 27 871 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[1] |
---|---|---|
Mytilíni | Mytilíni | 27 871 |
Plomári | Plomári | 2 996 |
Ajásos | Ajásos | 2 320 |
Ligonári | Jéra | 1 530 |
Pappádos | Jéra | 1 442 |
Pámfila | Mytilíni | 1 413 |
Mória | Mytilíni | 1 164 |
Variá | Mytilíni | 1 133 |
Taxiárkhes | Mytilíni | 1 107 |
Loutrá | Mytilíni | 1 085 |
Paleókipos | Jéra | 976 |
Panajoúda | Mytilíni | 906 |
Loutrópoli Thermís | Loutrópoli Thermís | 900 |
Íppio | Everjétoulas | 818 |
Pérama | Jéra | 726 |
Mesargós | Jéra | 631 |
Plajá | Plomári | 529 |
Ajía Marína | Mytilíni | 522 |
Káto Trítos | Everjétoulas | 518 |
Småøyar i kommunen:
- Ájos Vasílios (0)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Mytilene» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2007.
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ 2,0 2,1 Kallikratis-reforma (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2010-11-22, henta 22. november 2010
- ↑ Endringar i Kallikratis-reforma