Dei nordlege egeiske øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dei nordlege egeiske øyane
Βορείου Αιγαίου
Plasseringa til Dei nordlege egeiske øyane i Hellas
 
Land: Hellas
Hovudstad: Mytilíni
Periferieiningar: Ikaría
Sámos
Khíos
Lésvos
Límnos
Folketal: 199 231 (2011[1])
Areal: 3 836 km²
Folketettleik: 52 /km²
Heimeside: www.northaegean.gr

Dei nordlege egeiske øyane (gresk Βορείου Αιγαίου, Voríou Egéou) eller Nord-Egearhavet er ein av tretten periferiar i Hellas og ligg nordaust i Egearhavet. Tyrkia ligg i aust, medan det greske fastlandet ligg i vest og i nord. Sør for periferien ligg Dei sørlege egeiske øyane.

Periferien omfattar dei tidlegare prefektura Khíos, Lésvos og Sámos. Hovudstaden i periferien er Mytilíni på Lesbos. Periferien har omkring 200 000 innbyggjarar.

Periferieiningar og kommunar[endre | endre wikiteksten]

Etter den administrative reforma i 2010 er periferien Dei nordlege egeiske øyane delt inn i fem periferieiningar som frå 2019 omfattar 11 kommunar.[2][3]

Periferieining Innbyggjarar Kommunar
Ikaría 9 882 Ikaría, Foúrni
Sámos 32 977 Vest-Sámos, Aust-Sámos
Khíos 52 674 Khíos, Inoússes, Psará
Lésvos 86 436 Vest-Lésvos, Mytilíni
Límnos 17 262 Límnos, Ájos Evstrátios
Kommune Periferieining Areal Folketal Hovudsete
1   Vest-Lésvos Lésvos 1 068,2 28 564 Kalloní
2   Mytilíni Lésvos 564,7 57 872 Mytilíni
3   Ikaría Ikaría 254,4 8 423 Ájos Kírykos
4   Foúrni Ikaría 45,3 1 459 Foúrni by
5   Vest-Sámos Sámos 187,6 12 464 Karlóvasi
6   Aust-Sámos Sámos 289,9 20 513 Sámos by
7   Khíos Khíos 842,5 51 390 Khíos by
8   Inoússes Khíos 17,4 826 Inoússes
9   Psará Khíos 44,5 458 Psará
10   Límnos Límnos 476,0 16 992 Mýrina
11   Ájos Evstrátios Límnos 43,3 270 Ájos Evstrátios

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferien er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[1]
Mytilíni Mytilíni 27 871
Khíos by Khíos 26 850
Karlóvasi Vest-Sámos 6 708
Sámos by Aust-Sámos 6 191
Mýrina Límnos 5 711
Vrondádos Khíos 5 323
Plomári Mytilíni 2 996
Ajásos Mytilíni 2 320
Ájos Kírykos Ikaría 2 218
Ajía Paraskeví Vest-Lésvos 2 195
Polikhnítos Vest-Lésvos 2 102

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]