Fodno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fodno
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fitjar
Areal  3,97 km²
Postnummer 5419 FITJAR
Gardnummer 13 & 14

Fodno
59°56′44″ N 5°16′24″ E

Fodno (offisielt Fonno) er ei øy i Fitjar kommune, like nord for sjølve Fitjar sentrum. I aust og sør grensar øya til Fitjarvika, i vest til Teløyno, i sørvest til Smedholmen og i nord til Selbjørnsfjorden.

Det ligg to gardar på Fodno, Nord-Fodno (gnr. 13) og Sør-Fodno (gnr. 14). Begge gardane låg under Fitjar presteembete, og seinare til Stord presteembete då Fitjar og Stord vart slegne saman til eitt prestegjeld. Brukaren kjøpte Nord-Fodno i 1860 for 600 spesidalar, og Sør-Fodno på midten av 1800-talet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya er om lag 4 km² stor og langstrekt. Ho er 4,5 km lang og 1,9 km på det breiaste. Det høgaste punktet på øya er Ramnaberget på 145 meter over havet.

Holmen Matløyso ligg på austsida av Nord-Fodno.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire teoriar på opphavet til namnet på øya. Namneforskaren Magnus Olsen meiner at namnet kan kome av ras, anten snøras eller jordras, som vert kalla «fonn», men dette er lite truleg på grunn av terrenget på Fodno. Ein annan teori er brytingar i sjøen på vestsida av øya. Her gjekk den gamle skipsleia på Vestlandet og øya kan ha fått namn etter det kvite sjøbrotet som på desse kantar vert kalla «fodn».

Både namnet på Nord-Fodno og Sør-Fodno har variert ein god del opp gjennom historia.

  • Nordfonn (1360-åra), Nøerfundenn (1590), Norfunden (1597), Nord fuendenn (1601), Nordfund (1605), Nordfounden (1610), Nordfunden og Nordfondenn (1611), Nordfundt (1612), Nuordfund (1620), Nordfond (1623), Nordfunden (1626), Nor Fundenn og Noorfunden (1627), Nordfunndenn (1628), Nuorfunden (1630), Nor fondenn (1646), Nor Fonden (1668), Noer funden (1670), Norre Funden (1680), Nord Fonden (1838) og Nordfonnen (1890).
  • Sudr fonn (1350), Find (1519), Fondem (1553), Funndenn (1590), Funden (1597), Fundum og Furdre (1605), Fundumb (1618), Fonden (1621), Fundem (1624), Fundenn (1628), S. Fonden (1645), Søere Fonden og Fondenn (1646), Sørfundenn (1647), Sørfunden og Søefunden (1648), Sør Fonden (1668), Sørfonden (1701), Sør-Fonden (1838) og Sørfonnen (1890).

Daglegnamnet er Nord-Fodno og Sør-Fodno, medan Nordfonn og Sørfonn vert nytta som familienamn.

Nord-Fodno[endre | endre wikiteksten]

Garden er nemnd første gong i jordeboka Bjørgynjar Kalfskinn på 1300-talet, men låg seinare truleg øyde eller som underbruk under Sør-Fodno til slutten av 1500-talet. Det er ikkje gjort fornfunn på garden.

Garden hadde gjennom 1600-talet ein laksevåg, men på 1700-talet verken husmannsplass, kvern eller fiskeri. Han hadde lite åker, men eit godt krøterhald. Utanom avlinga var det ikkje anna næring på garden. Hagen var stor og låg lagleg til, og garden hadde både nok lauvtre til husbruk og torv. Tare og lyng vart sanka inn til kyrna. I 1712 brann alle husa på garden ned og alt brukarane hadde strauk med.

I dag vert garden berre nytte som fritidsbustad.

Sør-Fodno[endre | endre wikiteksten]

Sør-Fodno er òg ein gammal gard, truleg rydda under Fitjar, og er òg nemnd i Bjørgynjar Kalfskinn på 1300-talet. Her finst nokre fornminne, som ein gravflokk på Litlaeidet. Her ligg ei 11 meter brei og 1,5 meter høg gravrøys og ei langrøys som er 50 meter lang og 5 meter brei. I tillegg finst 12 andre gravrøyser. Alle er i dag overgrodde av lyng og brake og ikkje så godt synlege. I tillegg er det funne snellehjul og ei steinøks.

På 1700-talet hadde garden verken husmannsplass, skog, kvern eller noko fast fiske. Jorda var god til høy- og korndyrking. Utover 1800-talet eigde garden ein del av ei kvern. Hagen var god, men kunne berre beitast i 8 veker av året. Torv var det lite av på denne tida, etter at det meste var brukt opp gjennom hundreåra.

Garden vart etter kvart delt inn i åtte bruk, men ingen av desse er i dag i drift og vert nytta som fritidsbustader.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge. 1. Fitjar.