Folkeavrøystinga om katalansk sjølvstende 2017

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Røystesetelen.

Folkeavrøystinga om katalansk sjølvstende 2017 var ei avrøysting som blei delvis gjennomført 1. oktober 2017 i den spanske autonome provinsen Catalonia.[1] Ifølgje den katalanske regjeringa deltok 2,26 millionar personar i avrøystinga, som enda med at 92 % (2,02 millionar) røysta for sjølvstende frå Spania. Røysteprosenten var 42,58 %. Spørsmålet på røystesetelen lydde: «Ønskjer du at Catalonia blir ein sjølvstendig stat i form av ein republikk?»[2]

Forløp[endre | endre wikiteksten]

Avrøystinga blei skriven ut 9. juni av den katalanske presidenten Carles Puigdemont. Den spanske regjeringa hevda same dag at dei ville forhindre avrøystinga. Den 7. september fastslo spansk høgsterett at avrøystinga var grunnlovsstridig. Dagen før avrøystinga hadde Guardia Civil (sivilgarden) ifølgje eiga utsegn stengt annankvart røystelokale.[3]

Den spanske regjeringa og den spanske høgsterett meinte avrøystinga var ulovleg, og ifølgje statsminister Mariano Rajoy hadde det ikkje vore ei folkeavrøysting, men eit angrep på rettsstaten. Den katalanske presidenten hevda derimot at Catalonia no hadde rett til sjølvstende.[2] Ifølgje den spanske regjeringa var avrøystinga grunnlovsstridig.[4] Den spanske regjeringa kan ifølgje artikkel 155 i grunnlova tvinge den katalanske regjeringa til å avlyse avrøystingar.[5]

Valdagen[endre | endre wikiteksten]

På valdagen beslagla Guardia Civil røystesetlar og røysteboksar frå røystelokale i Barcelona. Opprørspoliti skaut med gummikuler og fjerna folk frå røystelokala ved bruk av makt, for å forhindre dei i å delta i avrøystinga.[4] I heile Catalonia var det kommandert ut tusenvis av politifolk frå Guardia Civil og Mossos d'Esquadra, som skulle hindre at avrøystinga skulle finne stad.[6] I desse uroene kom 33 politibetjentar og 844 sivile til skade.[7][6] FC Barcelona måtte også spele utan tilskodarar.[8]

Rettsoppgjer og protestar i 2019[endre | endre wikiteksten]

Protestar i Barcelona etter at spansk politi tok seg inn i katalanske regjeringsbygg.
Foto: Màrius Montón

I oktober 2019 blei leiarane for sjølvstendeaksjonen dømde til lange fengselsstraffer av Spanias høgsterett. Oriol Junqueras blei dømd til 13 år i fengsel for oppvigling og misbruk av offentlege middel. Raül Romeva, Dolors Bassa, Jordi Turull, Carme Forcadell, Joaquim Forn and Josep Rull fekk 10 til 12 års fengsel. Den internasjonale arrestordren mot Carles Puigdemont blei samstundes fornya.[9] Det braut ut omfattande protestar i Barcelona etter at dei lange straffene blei kjende.[10][11] Demonstrasjonane førte blant anna til at flyplassen blei stengd og over 100 flyavgangar innstilte. Fleire hovudvegar og jarnbanelinjer blei også blokkerte.[12] Demonstrasjonane pågjekk i fleire dagar.[13] Demonstrasjonane heldt fram til den 18. oktober og mange tusen gåande fylte motorvegane inn mot Barcelona.[14] Hamnearbeidarane og tilsette ved Seat-fabrikken la ned arbeidet, mange butikkar heldt stengde og vanleg arbeid i Barcelona stansa opp på grunn av demonstrasjonane. Det var venta at 1 til 2 millionar ville delta i demonstrasjonar i Barcelona 18. oktober.[15][16] Politiet melde at over ein halv million deltok i demonstrasjonane 18. oktober.[17][18]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anonym (1. oktober 2017). «Catalonia referendum: Does the region want to leave Spain?» (på engelsk). BBC. Henta 3. oktober 2017. 
  2. 2,0 2,1 «Catalonien: 90 procent stemmer for løsrivelse fra Spanien». dr.dk. Danamarks Radio. 2. oktober 2017. Henta 2. oktober 2017. 
  3. «OVERBLIK: Tidslinje over Cataloniens kamp for løsrivelse». information.dk. Information. 1. oktober 2017. Henta 2. oktober 2017. 
  4. 4,0 4,1 «Politi affyrer gummikugler under afstemning i Catalonien». fyens.dk. Fyens Stiftstidende. 1. oktober 2017. Henta 2. oktober 2017. 
  5. Kammergaard, Morten (9. juni 2017). «Cataloniens regering udskriver afstemning om selvstændighed til oktober». Jyllands-Posten. Henta 2. oktober 2017. 
  6. 6,0 6,1 «844 er såret under afstemning i Catalonien». politiken.dk. Politiken. 1. oktober 2017. Henta 2. oktober 2017. 
  7. Bang-Thomsen, Per (2. oktober 2017). «Spanien-ekspert: Stort løsrivelses-flertal kan ikke bruges til noget som helst». dr.dk. Henta 2. oktober 2017. 
  8. DR Nyheder (1. oktober 2017). «BILLEDER Afstemningen i Catalonien: Kampklædt politi, jubel og et tomt stadion». dr.dk. Henta 2. oktober 2017. 
  9. Barcelona, Sam Jones Stephen Burgen in (14. oktober 2019). «Violent clashes over Catalan separatist leaders' prison terms». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 17. oktober 2019. «On Monday morning, Catalonia’s former vice-president Oriol Junqueras was convicted of sedition and misuse of public funds and sentenced to 13 years in prison. He was also banned from holding public office for 13 years.» 
  10. Barcelona, Sam Jones Stephen Burgen in (15. oktober 2019). «Catalan independence leaders accused of 'totalitarian attitude'». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 17. oktober 2019. 
  11. «Catalan nationalists protest as their leaders are jailed for sedition». The Economist. 19. oktober 2019. ISSN 0013-0613. Henta 17. oktober 2019. 
  12. Zondag, Martin H. W. (15. oktober 2019). «Nye sammenstøt i Barcelona i kveld». NRK (på norsk bokmål). Henta 17. oktober 2019. 
  13. Madrid, Stephen Burgen Sam Jones in (16. oktober 2019). «Third night of violence in Barcelona after jailing of Catalan separatists». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 17. oktober 2019. 
  14. Sandberg, Hallvard (18. oktober 2019). «Massemønstring i Barcelona». NRK (på norsk bokmål). Henta 18. oktober 2019. 
  15. «Tusenvis av katalanske demonstranter inntar Barcelona». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 18. oktober 2019. 
  16. «Barcelonas gater fylles av demonstranter - protestene eskalerer». TV 2 (på norsk bokmål). 18. oktober 2019. Henta 18. oktober 2019. 
  17. «Voldsomme demonstrasjoner i Barcelona femte dag på rad». Aftenposten (på norsk bokmål). 19. oktober 2019. Henta 19. oktober 2019. «Fredag kveld var det nye sammenstøt mellom politi og demonstranter i Barcelona. Over en halv million demonstrerte i byen, ifølge katalansk politi, som ba folk holde seg unna sentrum av «hensyn til egen sikkerhet».» 
  18. «Sto i de voldelige opptøyene: – Jeg vil skrive historie». VG (på norsk bokmål). 18. oktober 2019. Henta 19. oktober 2019. «Politistyrken opplyser også at de mest voldelige demonstrantene har utgjort omkring 500 personer. Til sammenligning skal det ha vært et sted mellom 500.000 og én million demonstranter totalt.» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]