Olaug Svarva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olaug Svarva

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. desember 1957 (66 år)
Steinkjer
Yrke samfunnsøkonom

Olaug Johanne Svarva (fødd 21. desember 1957 i Steinkjer) er ein norsk siviløkonom som 17. februar 2006 vart utnemnd til administrerande direktør i Folketrygdfondet etter Rune Selmar.

Ho kom frå stillinga som investeringsdirektør i SpareBank 1 Livsforsikring AS, ei stilling ho hadde hatt sidan 2004. Svarva har utdanning frå Trondheim Økonomiske Høgskole, bachelor og MBA frå Denver i USA og i vaksen alder tok ho utdanning som autorisert porteføljefovaltar ved Norges Handelshøyskole i Bergen. På 1980-talet arbeidde ho for Den norske Creditbank og for Carnegie. Frå 1991 til 2001 hadde ho fleire stillingar i Folketrygdfondet.[1]

Ho er medlem av bedriftsforsamlinga og valkomiteen i Orkla. Ho er også i valkomiteen i Oslo Børs Holding.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hun bestemmer hvem som skal reddes» av Ingrid Indset på E24.no (08.02.2009).