Fordampingsvarme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Korleis fordampingsvarmen til vatn, metanol, benzen og aceton er avhengig av temperaturen. Den vertikale einingsaksen er feil og burde vore kJ/mol.

Fordampingsvarme er ei nemning for den varmen som går med til å fordampe ei viss mengd av ei væske ved kokepunktet. Ved trykket 1 atmosfære kokar vatn ved 100 °C, og då trengst det 2260 kJ til å fordampe 1 kg av vatnet. For dei fleste stoffa er fordampingsvarmen mindre enn for vatn. Fordampingsvarmen er òg mindre når kokinga skjer i ein trykkokar, altså ved høgare temperaturar. I tabellar finn ein spesifikk fordampingsvarme ved koketemperaturen.

Spesifikk fordampingsvarme ved koketemperaturen for eit utval stoff

Væske Koke- temperatur (°C) Spesifikk fordampingsvarme (kJ/kg)
Vatn 100 2260
Etylalkohol 78 850
Eter 35 373
Ammoniakk -33 1370

Kondensasjonsvarme[endre | endre wikiteksten]

Kondensasjonsvarme er den varmemengda som blir frigjort når ein gass kondenserast, det vil sei går over til væske eller fast stoff. Kondensasjonsvarmen er like stor som fordampningsvarmen for stoff ved same trykk og temperatur, men med motsett forteikn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]